Olaug Vervik Bollestad () er ein norsk politikar og tidlegare leiar for Kristeleg Folkeparti 2021–2024. Ho var landbruks- og matminister i regjeringa Solberg frå 2019 til 2021.

Bakgrunn Bollestad er utdanna sjukepleiar og var tilsett ved Stavanger universitetssjukehus frå 1987 til 2007.

Bollestad var medlem av Gjesdal kommunestyre i 2003–2015 og ordførar i 2007–2013. I perioden mellom 2008 og 2014 var ho leiar av Kristeleg Folkeparti i Rogaland. Ho var 2. nestleiar i Kristeleg Folkeparti i 2015–2017, fyrste nestleiar i 2017–2019 og konstituert partileiar frå januar 2019.

Olaug Bollestad var vararepresentant til Stortinget for Rogaland frå 2009 til 2013, og blei vald inn som representant frå 2013. Frå 2017 til 2019 var ho leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité.

KrF-leiar Bollestad blei vald til leiar for KrF den 13. november 2021 etter at Ropstad trakk seg, denne stillinga hadde ho fram til 22. august 2024 då ho sjølv gjekk av etter ein turbulent periode prega av ei lengre sjukemelding og eit varsel mot leiarstilen hennar. Før Bollestad trakk seg, klandra ho nestleiarane og generalsekretæren i KrF for kupp.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Gjesdal Kategori:KrF-ordførarar i Rogaland