Bockfjorden er ein fjordarm i Woodfjorden på nordkysten av Spitsbergen på Svalbard. Han går sørvestover frå Woodfjorden mot Sverrefjellet og har ei lengd på om lag 12 km. Innløpet ligg nord for Kapp Kjeldsen.

Inst i fjorden ligg Jotunkjeldene, to varmekjelder frå det tidlegare vulkansk aktive Sverrefjellet. Vasstemperaturen i desse varmekjeldene er over 20 °C. Kjeldene er omgjeve av kalkavsetjingar som det ikkje er lov å gå på. Det ligg fleire andre varmekjelder i området.

Kjelder Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Kategori:Fjordar på Svalbard