Asnæs er ein dansk by i Odsherred kommune nordvest på øya Sjælland. Byen er sentrum i soknet med same namn. Ifølgje siste offisielle teljinga har Asnæs 2 892 innbyggjarar (2013).

Sentralt i byen ligg Asnæs stasjon som er eit lokalt knutepunkt på Odsherreds Jernbane (del av dei privateigde Vestsjællands Lokalbaner) med samband både nordover til Nykøbing og vestover mot Holbæk. I byen ligg òg Nordvestsjællands største kjøpsenter, Asnæs Centret, med over 40 butikkar.

I byen er det grunnskule (Bobjergskolen) og vidaregåande skule (Odsherred Gymnasium). Hallerne i Asnæs blir nytta som kroppsøvingssal for elevane ved Bobjergskolen - og inneheld også symjehall.

Kyrkje og kultur 170px|venstre|thumb|Kulturstaden "Huset I Asnæs". Huset i Asnæs ligg i Storegade 31 - og er ein privateigd og mykje nytta institusjon som har til føremål å utvikle kunst- og kulturlivet i det danske samfunnet. Huset blir nytta til ulike kulturelle arrangement og utstillingar (særleg av biletkunst og kunsthandverk). "Institusjonen Huset" blei stifta i januar 1973 av ein krins kunstnarar i dåverande Dragsholm kommune (sidan 2007 ein del av Odsherred).

Byen er òg kjend for den vakre romanske mellomalderkyrkja i stein som opphavleg var vigd til St. Olav. Tårnet og våpenhuset er føyde til seinare - og reist i seingotisk stil. Kyrkja ligg i Asnæs Kirkevej i den sørlege delen av byen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Asnæs-centeret Huset i Asnæs Asnæs Kyrkje

Kategori:Byar i Region Sjælland Kategori:Odsherred kommune