Meltefjorden (nordsamisk Saitevuotna) er ein fjord på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km nordover til Meltefjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Taborshamnneset i vest og Skallneset i aust. Storholmen er ein holme på vestsida av fjorden. Lenger inn ligg Meltefjordholmen. På det djupaste er Meltefjorden 105 meter ved munningen.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Hasvik