9. april er den 99. dagen i den gregorianske kalenderen (100. under skotår). Det er 266 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Hendingar

Utlandet

1865: Den amerikanske borgarkrigen enda. 1867: Det amerikanske senatet inngjekk ein avtale med Russland om kjøp av Alaska. 1916: Første verdskrigen. Slaget ved Verdun. Tyskland sette inn sin tredje offensiv. 1940: Andre verdskrigen, Operation Weserübung. Tyskland invaderte Danmark og Noreg. Danmark kapitulerte. 1942: Andre verdskrigen. Amerikanske styrkar overgav seg i Bataan på Filippinane. 1947: Fleire tornadoar i Texas, Oklahoma og Kansas i USA tok livet av 181 menneske og skada 970. 1948: Deir Yassin-massakren. Over 100 sivile palestinarar blei drepne av jødiske terroristorganisasjonar. 1967: Jomfruturen til Boeing 737. 1991: Georgia erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen. 1992: John Major vann statsministervalet i Storbritannia. 1999: Den nigerske presidenten Ibrahim Baré Maïnassara blei drepen i eit attentat. 2003: Okkupasjonen av Irak tok til. Saddam Hussein gjekk under jorda etter at USA og koalisjonen av viljuge to dagar før hærtok Bagdad.

Noreg 1917: Sju norske fangstskuter forliste under ein orkan i Vestisen, der 84 mann bleiv. Seks av dei sju skutene var frå Ålesund; «Admiralen», «Arctic», «Aslak», «Heim», «Hercules» og «Lundheim», den sjuande, «Ceres», høyrde heime i Tønsberg. Utan radiosamband gjekk det fire månader før andre forstod omfanget av ulukka. 1924: Noregsrekorden for lågaste temperatur i april blei sett i Karasjok med ei måling på -36,5 grader. 1935: «Havmøy» av Oslo forliste sør for Jamaica i Karibiahavet. 11 mann omkom. 1940: Tyske troppar gjekk i land i Noreg og Noreg kom med i andre verdskrigen Det tyske krigsskipet «Blücher» blei senka i samband med invasjonen av Noreg. 1950: Tre menneske omkom i eit snøras i Hammerfest. 1956: Stiftinga av Human-Etisk Forbund.

Fødde

1802: Elias Lönnrot, finsk folklorist 1806: Isambard Kingdom Brunel, engelsk ingeniør 1821: Charles Baudelaire, fransk diktar 1835: Kong Leopold II av Belgia 1872: Léon Blum, fransk politikar 1918: Jørn Utzon, dansk arkitekt 1938: Ivar Medaas, norsk visesongar 1964: Nils Rune Langeland, norsk forfattar 1971: Jacques Villeneuve, canadisk formel 1-førar 1990: Kristen Stewart, amerikansk skodespelar

Døde

585 f.Kr.: Keisar Jimmu av Japan 491: Keisar Zenon av Austromarriket 715: Pave Konstantin 1024: Pave Benedikt VIII 1483: Edvard IV av England 1575: Absalon Pedersson Beyer, norsk prest 1626: Francis Bacon, engelsk filosof 1909: Helena Modrzejewska, polsk skodespelar 1936: Ferdinand Tönnies, tysk sosiolog 1945: Wilhelm Canaris, tysk admiral (avretta) 1945: Dietrich Bonhoeffer, tysk teolog (avretta) 1951: Vilhelm Bjerknes, norsk fysikar og meteorolog 1959: Frank Lloyd Wright, USA-amerikansk arkitekt 1976: Phil Ochs, amerikansk musikar