Indre Billefjord (nordsamisk Billávuotna, finsk Pillavuono) er ein fjordarm av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørvestover til bygda med same namn i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Kovasholmen i nord og Ránobákti i sør og ligg på sørsida av neset Klubben (samisk Kluppenjárga). Ytst i fjorden ligg øya Billásullot. Det ligg fleire gardsbruk langs begge sider av fjorden, som Mikkeljord på nordsida og Oppgård på sørsida. Fjorden er 91 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden. Den indre delen av fjorden er langgrunn.
E6 går langs nordvestsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Porsanger