Adamsfjorden (nordsamisk Áttánvuotna) er ein fjordarm av Storfjorden i Lebesby og Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2,5 km søraustover til Adamsfjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Indre Adamsfjordklubben i nord og Adamsfjordholmen i sør. På nordvestsida går den vesle fjordarmen Geazzevuotna nordaustover. Fjorden er 41 meter på det djupaste, om lag midt i fjorden.
Riksveg 98 går langs austsida av fjorden.
Kategori:Fjordar i Lebesby