Korsfjorden (nordsamisk Ruossavuotna) er ein fjordarm av Bøkfjorden og Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg sørvestover frå Bøkfjorden til Neidenfjorden. Kirkenes lufthamn ligg på sørsida av fjorden og Europaveg 6 går langs sørsida eit stykke vest for lufthamna. Heile fjorden ligg på søraustsida av Skogerøya.
Fjorden har innløp mellom Svenskesteinan i nord og Tømmerneset i sør og ligg like nord for Kirkenes.
Kategori:Fjordar i Sør-Varanger