Ei grønsak er ein plantedel som blir brukt til mat, hovudsakleg for å metta og ofte etter å ha blitt varma. Når ei plante avlar grønsaker, omtalar vi gjerne også heile planta som «grønsak». Ordet grønsak viser til ulike matvarer som vi bruker på same måte. Dermed kan det variere litt kva slag planter ein reknar som grønsaker. Oversikta nedanfor viser kva for planter og plantedelar som oftast blir omtala som grønsaker, og korleis desse kan grupperast innan botanikken.

Grønsaktypar Blomar Artisjokk Brokkoli Blomkål

mini|ingen|100px|Paprika. Frukter Agurk Aubergine Avokado Banan Graskar Mais Paprika Squash Tomat

Knollar

Jordskokk Potet Søtpotet YamsBelgfrukter Bønner Erter Linser

mini|100px|ingen|Soyabønner

Røter Bambus Gulrot Kålrabi Pastinakk Persillerot Reddik Raudbete SellerirotStenglar Asparges Bambusskot Purre Rabarbra Selleri

mini|ingen|100px|Purre.

Blad Kvitkål Isbergsalat Raudkål Spinat

Laukar Kepalauk Kvitlauk Raudlauk Sjalottlauk

Biologiske eigenskapar

Dei plantane som vi refererer til som grønsaker er meir eller mindre saftige plantedelar frå hovudsakleg eitt- til toårige vekster.

Bruk av ordet I praktisk språkbruk blir poteter ofte ikkje rekna som ei grønsak, ettersom poteta i Noreg er ein vanleg attåtrett som høyrer med til mange slag måltid. På liknande vis er silda ofte ikkje teke med i den generelle nemninga «fisk».

I slekt med grønsaker

Ting som liknar på grønsaker er søte frukter, bær og sopp. Dei fleste kornslaga blir ikkje rekna som grønsaker, men mais kan vera eit unntak.

Bakgrunnsstoff Opplysningskontoret for frukt og grønsaker

Kategori:Mat Kategori:Plantar