Aspøya er ei øy og ei bygd i Tingvoll kommune på Nordmøre. Øya har eit areal på 20 km² og 376 innbyggjarar (2024).
Riksveg 70 og Europaveg 39 følgjer same trasé over Aspøya frå Straumsnes, over Aspøya via Bergsøysundbrua til Bergsøya, og gjev ferjefri veg til Molde. Bergsøysundbrua er ein del av Krifast.
Aspa-ætta, som mellom anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hadde hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Tingvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Frei herred, frå DigitalarkivetFolketeljing 1900 for Straumsnes herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 210 315 220 376
Før 1964 var øya delt mellom Frei kommune og Straumsnes kommune. Sidan 1964 har ho vore del av Tingvoll.
Kjelder
Kategori:Øyar i Møre og Romsdal Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Tingvoll