Hallingen Skorin er ein lausslått frå Hallingdal i 2/4-takt. Slåtten er ein av dei få totaktsslåttane som er stadeigne i øvre Hallingdal, og er rekna som svært gamal. Namnet skriv seg frå spelemannen Knut Skøro frå Hol, som var kjelde til slåtten. Slåtten er rekna til vandreslåttane av di det er skrive ned to melodisk skyldte slåttar frå Vestlandet, ein frå Nordhordland og ein frå Nordfjord. Den største skilnaden på desse formene og hovudformene er felestillet. Skorin er for det meste spela på Halv Kvint eller ljosblått (G-D-A-D), medan vestlandsformene er på vanleg oppstilt bass. Dette kan tyde på at spelemennene vestpå har fanga opp tona, men ikkje felestillet. Denne slåtten er ein av dei få vandreslåttane som ikkje er spela på oppstilt bass.

I Telemark har slåtten ofte namnet Asle-Knut, etter spelemannen Knut Asleson Strand frå Ål. Dette skuldast truleg ei mistyding som oppstod då Olav Groven lærde slåtten av Sevat Sataøen. Dette er ein av dei få vandreslåttane som har kjerneområdet i Hallingdal.

Variantgruppa

I Hardingfeleverket har variantgruppa nr 149, og tel sju variantar. Om ikkje noko anna er skrive, er felestillet Ljosblått (G-D-A-D).

• a: Sjutten, etter Gudmund Eide, Bruvik, Nordhordland . Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (Bjørndal Nye slåttar nr 50). Eide lærte slåtten i 1859 av Hans Vikahagen frå Bruvik. Sjutten er eit namn på Fanden, svarar til banneordet Søtten. Oppstilt bass.

• b: Asle-Knut, etter Steingrim Haukjem, Veggli, Numedal . Nedskrift Truls Ørpen kring 1927 (Ø 148). Haukjem har fanga opp slåtten i møte med Olav Groven.

• c: Skorin, etter Ola A. Strand, Ål . Nedskrift Arne Bjørndal 1938 (B 1285). Ola Strand fekk slåtten frå Knut Skøro kring 1890.

• d: Skorin, etter Odd Bakkerud, Rukkedalen . Nedskrift Truls Ørpen 1953 (Ø 352). Bakkerud fekk slåtten av Kristian Øvrevollseie, som hadde han etter Herleik Kvanneberg. Kvannebergen hadde slåtten frå Knut Skøro.

• e: Asle-Knut, etter Olav Groven . Nedskrift Eivind Groven 1924 (G 409).

• f: Skorin, etter Sevat Sataøen. Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 2164) . Sataøen hadde truleg slåtten frå Ola A. Strand.

• g: Halling, etter Bendik Brynestad, Nordfjord . Nedskrift 1953 etter opptak i NRK (G 984). Oppstilt bass.

Supplementsform:

nr 185: Storeslåtten, etter Leif Rygg, Voss. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Rygg lærte slåtten av Lars Skjervheim. Slåtten er på oppstilt bass, og er rekna som ei variant av Sjutten (149a).

Kategori:Norske slåttar