Gåsvær er ei øy nord for Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Øya er låg og det høgaste punktet er berre 21 moh. På Gåsvær finst tre hus, eit naust, eit kapell og ein kyrkjegard. Det er ingen fastbuande på øya i dag.

På Gåsvær ligg Gåsvær kapell frå 1941. Det vart bygd av Gåsvær kyrkjeforeining, som vart stifta i 1931. Kyrkjeforeininga arrangerer Gåsværhelga med gudsteneste i kapellet kvart år rundt 20. juli.

Referansar

Bakgrunnsstoff Tromsø kommune: Gåsvær kirkeforening fikk kulturvernprisen Bootsausflug nach Gåsvær (tysk)

Kategori:Øyar i Tromsø