Nederlandsk (nederlandsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar i verda snakkar dette språket. Varianten av nederlandsk tala i Belgia blir uformelt kalla flamsk. Det nederlandske namnet for språket er nederlands. På norsk blir også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre refererer til ein del av Nederland, blir det rekna som ukorrekt.

Klassifisering og nærskylde språk Nederlandsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er svært forskjellig i uttale. Ein som kjenner det eine språket, kan med noko trening forstå det andre brukeleg. Samanlikn til dømes:

De kleinste kameleon is maar 2 cm groot, de grootste kan wel 80 cm worden. (nederlandsk)

Das kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, die größten können auch 80 cm erreichen. (tysk)

Nokre mindre brukte ord og vendingar er nærare tysk:

Der kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, der größte kann wohl 80 cm werden. (mindre vanleg tysk)

(På norsk blir dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kan bli 80 cm».)

Men det er uttalen som gjer den største forskjellen mellom tysk og nederlandsk, på same måten som forskjellen mellom tysk og sveitsartysk (og andre tyske dialektar).

Typisk så opptrer dei største forskjellane mellom tysk og nederlandsk i korte, men viktige strukturar og daglege ord som følgjer:

Nederlandsk Tysk Omsetting med kommentar maar aber men slechts nur berre misschien eller wellicht eller mogelijk vielleicht moglegvis - misschien er tysk - mir schien = eg trur graag (vestflamsk: gern)/ gaarne gerne gjerne gereed eller bereid eller klaar fertig eller bereit ferdig/budd - «bereit» svarar til ledda gereed men vanskeleg å skilje belangrijk eller gewichtig wichtig viktig - men òg på tysk: belangreich, som tyder det same, men så og si aldri blir nytta

Viss ein tyskar har lært eitt til to hundre av desse orda pluss nokre reglar, vil den tysktalande skjønne nederlandsk skrift nokså bra. Men nederlandsk er ikkje pensum i tysk skole.

Somme plassar blir tysk og nederlandsk til og med snakka omtrent parallelt. Folk som kan nederlandsk, kan som oftast skjønne skriftleg tysk, og tysktalande (som kan engelsk) kan som oftast lesa nederlandsk.

Nederlandsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (bortsett frå frisisk) det språket som er nærast i slekt med engelsk.

Bakgrunnsstoff Språknytt: Om nederlandsk og slektningane Hollandsk gloseinnlæringssystem (Norsk) Nederlandskkurs på Wikibooks Online Nederlands leren Dutch 101 Dutch for beginners and travelers (in English) Nederlandsk språks historie Nederlandse Taalunie (Den nederlandske språkunionenen) Algemene Nederlandse Spraakkunst (Nederlandsk grammatikk på nederlandsk) Online Dutch Grammar Course (Nederlandsk grammatikk på engelsk) Nederlandskkurs Nederlandskkurs, 8 kapittel Ethnologue for Nederlandsk Euromosaic - Flemish in France - Statusen for flamsk i Frankrike

Ordbøker All Dutch free dictionaries Online Nederlands Woordenboek Majstro Multilingual Translation Dictionary Lookwayup English-Dutch-English dictionary Freedict English-Dutch-English dictionary Travlang Dutch-English dictionary Euroglot dictionary Van Dale (Dictionary -- in Dutch) http://www.notam02.no/~hcholm/altlang/ht/Dutch.html - The Alternative Dutch Dictionary Flemish - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition. Dutch - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition.

Kategori:Nedertyske språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Vestgermanske språk