Det norske Skogselskap er ein landsomfattande medlemsorganisasjon med 12 000 medlemmer, organisert i 18 fylkesskogselskap.
Ut frå visjonen at alle menneske skal oppleve skog som ei verdfull kjelde til livskvalitet, har skogselskapet som mål å fremje forståing for skogens mangesidige betyding, og arbeide for auka verdiskaping og ei langsiktig berekraftig forvalting av skogen.
Skogselskapet vart stifta 26. september 1898 på initiativ av konsul Axel Heiberg.
Gjennom fylkesskogselskapa driv skogselskapet ei rad med planteskolar. Dei utarbeider informasjonsmateriell for skolar og skogbrukarar. Direktør i skogselskapet er Trygve Enger.
Fylkesskogselskap: Skogselskapet i Østfold Skogselskapet i Hedmark Oppland Skogselskap Oslo og Akershus Skogselskap Skogselskapet i Buskerud Vestfold Skogselskap Telemark Skogselskap Skogselskapet i Aust-Agder Skogselskapet i Vest-Agder Skogselskapet i Rogaland Skogselskapet Bergen og Hordaland Sogn og Fjordane Skogselskap Skogselskapet i Møre og Romsdal Skogselskapet i Trøndelag Namdal Skogselskap Helgeland Skogselskap Salten Skogselskap Troms Skogselskap Finnmark Skogselskap
Bakgrunnsstoff Skogselsakpet si heimeside
Kategori:Skogbruk Kategori:Skogsaka Kategori:Skipingar i 1898 Kategori:Norske organisasjonar