Sundsbarmvatnet er ein innsjø som ligg i kommunane Seljord og Kviteseid i Telemark. Vatnet, som er regulert, vert drenert via Mandalselvi mot Seljordsvatn, og er dermed ein del av Skiensvassdraget.

Vatnet er hovudmagasin for Sundsbarm kraftverk og det vert overført vatn frå Åmotdals, Morgedal og Øyfjell vassdraga.

På ei halvøy i vatnet ligg restar etter Guldnes gruver. Gruvene var i drift periodisk i årene mellom 1538 og 1880-åra.

Spor av den eldste drifta forsvann etter at vatnet vart oppdemd. I 1540 var det eit stor bondeoppgjer på staden og bøndene prøvde å jage tyske gruvearbeidarar vekk. Opprøret vart slått ned og 16 av dei dømd til døden. 10 av de dømde fekk kjøpt seg fri. Den første Norske dalar er laget av sølv frå denne gruva.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sundsbarmvatnet» frå , den 18. april 2008.

Kategori:Innsjøar i Telemark Kategori:Geografi i Seljord Kategori:Geografi i Kviteseid