Åraksfjorden er ein innsjø som ligg i Bygland kommune i Agder fylke. Han er ein del av Otravassdraget. Åraksfjorden strekkjer seg frå Storstraumen i sør til Ose og er den nordlege delen av Byglandsfjorden. Namnet har han fått av bygda Åraksbø som ligg på austsida av Åraksfjorden.

På vestsida av vatnet ligg Skomedal og Frøysnes, på austsia Sandnes og Åraksbø. Riksveg 9 kryssar Byglandsfjorden ved Storstraumen og følgjer vestsida vidare nordover.

Den sørlege delen av Åraksfjorden har namnet Bjåfjorden, medan den midtre delen vert kalla Sandnesfjorden.

Åraksfjorden vert sommarstid trafikkert av veterandampbåten «Bjoren».

Kategori:Setesdal Kategori:Innsjøar i Agder Kategori:Geografi i Bygland