Slevedalsvannet er eit vatn som er grodd att med takrøyrskog om lag to kilometer nord for Lista fyr i Farsund kommune. Vatnet er omgjeve av dyrka mark og småskog.
Vatnet er sentralt i eit sumpfylt våtmarksområde som i 2005 vart verna som naturreservat etter at ein hadde arbeida for det heilt sidan 1938. Det ligg inne på området til den nedlagde Lista flystasjon og har eit yrande fugleliv.
Fugleliv Det er registrert 230 fugleartar og 11 underartar her. Det er òg trekkområde og overvintringslokalitet for vassrikse og myrrikse, som er sårbare artar i norsk fuglebestand. Slevedalsvannet er kjent for fleire svært sjeldne fuglar. I området hekkar skjeggmeis. Her kan ein òg møte mange songarar, til dømes grashoppesongar og kjerrsongarane røyrsongar, sivsongar og myrsongar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slevedalsvannet» frå , den 19. april 2008. oppgav desse kjeldene: Omtale i Fædrelandsvennen måndag 4. februar side 9: 230 fuglearter i naturreservatet Omtale på forening.no
Kategori:Innsjøar i Agder Kategori:Geografi i Farsund