Ømmervatnet er ein innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland. Europaveg 6 passerer på austsida av vatnet, og på nordsida av vatnet går Fylkesveg 254 i Nordland over til Drevja, som bygde soknar til i skole- og kyrkjesamanheng.

Namnet kjem av fuglenamnet 'ømmer' ('immer'), lom. Ømmervatnet er den nest største innsjøen i Fustavassdraget etter Fustvatnet. Innløpselva Luktvasselva kjem frå Luktvatnet ved Korgfjellet, og Ømmervatnet munnar ut i Strauman som fører til Mjåvatnet.

Fiskeslag i Ømmervatnet er røye, aure og trepigga stingsild.

Bygdene rundt Ømmervatnet er prega av jordbruk. Det er òg eit aktivt bygdelag i bygda som held til på bygdahuset «puinn Hatten», eit fjell som i forma kan minne om ein hatt.

Kategori:Innsjøar i Nordland Kategori:Geografi i Vefsn