Rondvatnet er ein smal innsjø i Rondane i Sel kommune i Innlandet. Ved sørenden ligg hytta Rondvassbu. Rondvatnet skil dei austlege delane av Rondane frå den vestlege delen, Smiubelgen.

Om sommaren går det båt som fraktar turgåarar mellom nord og sør i innsjøen.

Kategori:Innsjøar i Sel