Tordis Ørjasæter () var ein norsk litteraturkritikar, forfattar og professor i spesialpedagogikk.

Liv og virke Ørjasæter studerte pedagogikk og vart mag.art. i 1957. Ho har blant anna arbeidd med spesialpedagogikk og kultur og litteratur for psykisk utviklingshemma og språksvake. Ho har gjeve ut ei rad bøker, blant anna fagbøker om barnelitteratur, biografiar og romanen En borgerlig pike.

Tordis Ørjasæter mottok Askeladdprisen frå Norsk barnebokforum i 1981 og Brageprisen i klassen generell litteratur i 1993 for biografien Menneskenes hjerter. Sigrid Undset - en livshistorie. I 1997 fekk ho Jonasprisen. Ho har òg vore litteraturkritikar i fleire aviser.

Tordis Ørjasæter var gift med omsetjaren og forfattaren Jo Ørjasæter. Ho er mor til Elin Ørjasæter og litteraturvitaren Kristin Ørjasæter og syster til musikkforskaren Liv Greni.

Bøker 1959: Med barn i teater; et forsøk på å belyse hvordan barn i første klasse reagerer på en teaterforestilling 1969: Handicappede barn og bøkene 1971: Ikke som de andre? Barn og ungdom med handikap 1971: Massemediene og barneboken 1976: Boka om Dag Tore - biografi 1978: Barn og bøker - sakprosa, ny og omarbeidet utgåve 1987 1981: Barn kultur kreativitet - medforfatter, sakprosa 1985: Møte med Tove Jansson - biografi 1993: Menneskenes hjerter. Sigrid Undset - en livshistorie - biografi, utgjeven på Aschehoug forlag 1996: Sigrid Undset og Roma - biografi, Aschehoug 2000: Nini Roll Anker - en kvinne i tiden - biografi skiven i lag med mannen Jo Ørjasæter, Aschehoug 2001: En borgerlig pike - roman, Aschehoug 2001) 2005: Inn i barndomslandet : Tove Jansson - Sigrid Undset - Selma Lagerlöf 2006: Blomstergleder hos Kristin Lavransdatter Forfattaren har òg blant anna skrive delar av Norges litteraturhistorie . B.5 . Mellomkrigstiden og vore medredaktør i Barnas Beste-serien.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Minibiografi Biografi

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske professorar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Askeladdprisen