Ballblombukken er ei bille i trebukkfamilien. Han er utbreidd over heile Eurasia frå Mellom-Europa til Japan. Han førekjem òg i Noreg, der han kan vera lokalt vanleg frå Hedmark til Finnmark. Utbreiinga hans er ganske austleg her i landet.
Levesett Ballblombukken har fått namnet sitt fordi han er mest karakteristisk når ein finn han på blomane til ballblom. Arten vitjar òg mange andre slags blomar. Vertsplanten er tilmed ein urtevekst; han går hovudsakleg på skogstorkenebb (Geranium sylvaticum). Dei vaksne billene legg egga sine ved rota til planten, og larvane gneg på røter og rhizom; først innanifrå og seinare frå utsida. Det er òg kjend at han har gått på furu og bjørk.
Forpuppinga skjer i jorda. Det er registrert store geografiske skilnadar i tidspunkt for forpupping og klekking i dei ulike delane av utbreiingsområdet.
Kjelder mini|venstre|260px|Ballblombukk på løvetann. Kvamme, Torstein: FORSIDEDYRET (Evodinus interrogationis) i Insekt-Nytt #1 1982 Norges Biller
Bakgrunnsstoff
Kategori:Trebukkar