Hornindal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret var Grodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.

Historie Frå 1837 var Hornindalen del av formannskapsdistriktet for Eid. Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.

I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman med Stryn kommune og ein annan del vart slått saman med Eid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte han Solund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.

30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman med Volda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.

Kjende personar frå Hornindal kommune Ole N. Lødøen (1861-1932), lærar Brita Lund (1886–1966), kunstnar Paul O. Tomasgard (f. 1941), lærar, lokalhistorikar, forfattar Oline Løvlid, (f.1950), folkemusikar Frode Grodås, (f.1964), fotball-målvakt Unni Løvlid, (f. 1975), folkemusikar Anders Fannemel (f. 1991), skihoppar

Kjelder

Bakgrunnsstoff Hornindal kommune Honndalsportalen Om Hornindal i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Norske kommunar skipa i 1867 Kategori:Norske kommunar skipa i 1977 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020 Kategori:Volda kommune