Skårasalen (1 542 moh.) er eit fjell i Ørsta kommune på Sunnmøre. Fjellet ligg ved Hjørundfjorden og er lettast tilgjengeleg frå Kvistaddalen. Sørover frå toppen går ei taggete egg som vert kalla Skåratindane eller Kvistadkjerringane. Toppen er rimeleg enkel å nå.

Briten Gerald Arbuthnot og sogningen Johannes Vigdal var på toppen den 29. juli 1897. Dei stod då for den fyrste tidfesta bestigninga.

Fjellet har ein primærfaktor på 1390 meter over havet, som er det sjuande høgaste i landet. mini|venstre|Skårasalen sett frå Eidskyrkja

Sjå òg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor

Bakgrunnsstoff

Iriss Forlag sin bileteserie om Skårasalen Fjellinordvest.net - turguide for Skårasalen

Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Fjell i Ørsta