Skytjefossen (eller Skykkjefossen, ikkje godkjend skrivemåte) er den 55. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Simadalen i Eidfjord kommune i Vestland. Fossen vert ofte omtalt med feil høgd, truleg ei samanblanding av det maksimale høgdepotensialet for vasskraftproduksjon til vassdraget som fossen er ein del av. Den vertikale delen av fossen er eit fall på 300 meter og fossen er regulert.

Nokre kilometer lenger opp i vassdraget ligg Skytjedalsfossen, som ofte blir forveksla med Skytjefossen.

Sjå òg Fossar i Noreg

Bakgrunnsstoff Bilete av fossen Gammalt bilete av fossen

Kjelder Skytjefossen på World Waterfall Database

Kategori:Fossar i Vestland Kategori:Geografi i Eidfjord