mini|Glenn Miller
Glenn Miller () var ein amerikansk orkesterleiar og trombonist.
Miller var fødd i Clarinda i Iowa. Som barn flytta han med familien til North Platte i Nebraska. Den musikalske karrieren starta då faren hans kom heim med ein mandolin, som raskt blei bytt til eit horn, som han ofte øvde på.
Miller starta i slutten på 1930-talet orkesteret som seinare blei berømt og gjorde «Miller-soundet» kjend. Blant mange kjende melodiar er «In the Mood», «Tuxedo Junction», «Chattanooga Choo Choo», «Moonlight Serenade» og «Pennsylvania 6-5000».
I byrjinga av 1940-talet medverka orkesteret i fleire spelefilmar og i 1953 kom filmen The Glenn Miller Story som handla om Glenn Miller, spelt av James Stewart, og orkesteret hans.
Miller gjorde militærteneste i US Army Air Force under andre verdskrigen, og i samband med eit tokt over Den engelske kanalen omkom han. Verken flyet eller Miller blei funne.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glenn Miller» frå , den 6. mai 2008.
Kategori:USA-amerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske jazztrombonistar Kategori:Folk frå Nebraska Kategori:Folk frå Missouri Kategori:Omkomne i luftfartsulukker i internasjonale farvatn