23. april er den 113. dagen i den gregorianske kalenderen (114. under skotår). Det er 252 dagar att av året.

Merkedag Verdas bok- og opphavsrettsdag mini|Heilage Jørgen eller St George er minna den 23. april i fleire land, mellom anna i England. Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det engelske flaggetNasjonaldag i England

Religiøs helgedag

Jørgensdagen, religiøs og sekulær høgtid fleire stader i verda. Heilage Jørgen er minna i den katolske kyrkja.

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1343: Jüriöö ülestõus, 'jørgensnattoppreisten', tok til i Estland. 1815: Den andre serbiske oppreisten mot Det osmanske riket tok til. 1924: Thorvald Stauning dannar den fyrste sosialdemokratiske regjeringa i Danmark. 1942: Andre verdskrigen. Baedekeråtaka, tyske hemnåtak på historiske engelske byar, tok til etter at britiske fly hadde bomba hansabyen Lübeck. 1990: Namibia blei det 160. medlemmet av SN og det 50. av Det britiske samveldet. 1993: Eritrearar røysta med stort fleirtal for sjølvstende frå Etiopia. 1997: 42 landsbybuarar blei drepne i Omaria-massakren i Algerie.

Noreg 1206: Baglarar overfell birkebeinarar i Nidaros, natta etter ein bryllaupsfest, og drep dei som ikkje klarer røme unna. 1909: Dampskipa «Edith» og «Oxford» kolliderte i Drøbaksundet og 17 menneske omkom. 1925: Noreg tek styringsretten til øyagruppa Spitsbergen, som får namnet Svalbard og vert ein del av Noreg. Bjørnøya vert ein del av Svalbard.

Fødde mini|upright|Sven Kramer er fødd i 1986

1564: William Shakespeare, engelsk forfattar (tradisjonell dato) 1775: William Turner, britisk målar 1858: Max Planck, tysk fysikar 1891: Sergej Prokofjev, russisk tonesetjar 1902: Halldór Laxness, islandsk forfattar 1924: Margit Sandemo, norsk forfattar 1954: Michael Moore, USA-amerikansk filmskapar 1986: Sven Kramer, nederlandsk skeiseløpar

Døde mini|Minneplate for diktaren William Wordsworth.

1217: Kong Inge Bårdsson 1616: William Shakespeare, engelsk forfattar Miguel de Cervantes, spansk forfattar 1850: William Wordsworth, engelsk diktar 1891: Harald U. Sverdrup, norsk prest og politikar 1992: Satyajit Ray, indisk filmskapar 2007: Boris Jeltsin, sovjet-russisk politikar