Høge Tatra (slovakisk og tsjekkisk Vysoké Tatry, polsk Tatry Wysokie) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovakia og Polen. Dei er ein del av Dei austlege Tatrafjella.

Skildring Høge Tatra har 11 toppar utan 2500 meter over havet er i lag med Dei sørlege Karpatane dei einaste fjella med alpin karakter i heile Karpatane, som har ei lengd på 1200 km.

Den største delen og alle dei høgaste toppane ligg i Slovakia. Den høgaste toppen er Gerlachovský štít på 2655 moh. Mange sjeldne og endemiske dyr- og planteartar finst i Høge Tatra, i tillegg til store rovdyr som bjørn, gaupe, mår, ulv og rev.

Området er ein kjend vintersportstad. Av skistader finn ein Štrbské pleso, Starý Smokovec og Tatranská Lomnica i Slovakia og Zakopane i Polen. Byen Poprad er inngangen til dei slovakiske feriestadane.

Den første europeiske nasjonalparken som kryssa landegrenser vart grunnlagd her, Tatra nasjonapark eller Tatranský národný park i Slovakia i 1948 og Tatrzański Park Narodowy i Polen i 1954.

Fjelltoppar Høgaste toppar mini|Dei alpine fjella i Høge Tatra trekkjer til seg mange fjellklatrar mini|Fjellhytter, slik som denne på veg opp til Lomnický štít er vanleg å sjå i Høge Tatra.

Dei femten høgaste toppane i Høge Tatra, alle i Slovakia, er: FjelltopparHøgd (m) Gerlachovský štít 2655 Gerlachovská veža 2642 Lomnický štít 2633 Ľadový štít 2627 Pyšný štít 2623 Zadný Gerlach 2616 Lavínový štít 2606 Malý Ľadový štít 2602 Kotlový štít 2601 Lavínová veža 2600 Malý pyšný štít 2591 Veľká Litvorová veža 2581 Strapatá veža 2565 Kežmarský štít 2556 Vysoká 2547

Kjende toppar Kriváň Rysy, grenseovergang mellom Slovakia og Polen.

Fjellvatn Morskie Oko - 1395 moh, 51 m djup Czarny Staw pod Rysami - 1583 m, 76 m djup. Wielki Staw Polski - 1664 m, 79 m djup. Štrbské pleso - 1347 m, 20 m djup. Veľké Hincovo pleso - 1945 m, 54 m djup. mini|center|600px|Veľké Žabie pleso (Mengusovské), vatn i Žabiadalen mini|center|900px|Panorama av Høge Tatra frå Poprad

Kjelder Denne artikkelen bygger på «High Tatras» frå , den 12. mai 2008.

The Tatras: High, Western, Bela's (1:50,000 hiking map) BBKart/Marco Polo 2005.

Bakgrunnsstoff

tatry.sk tatry.org Høge Tatra på Summitpost.org Images: Forskjellige kart

Kategori:Fjellkjeder i Polen Kategori:Fjellkjeder i Slovakia Kategori:Fjellkjeder i Karpatane