Brda (tysk Brahe, kasjubisk Brda) er ei elv nordvest i Polen og ei sideelv til Wisła. Ho er den 15. lengste elva i landet med ei lengd på 238 km og eit nedslagfelt på 4627 km².
Skipsfart Brda er ein del av vassvegen Oder-Wisła og knyter desse to elvane saman via elvane Warta og Noteć og Bydgoszcz-kanalen. Vassvegen er framkommeleg for mellomstore elveprammar (av CEMT Klasse II), men med avgrensa amning.
Etter at EU har utvida austover kan vassvegen kome til å spele ei viktig rolle. Det er ei lenkje til Aust-Europa via Wisła, Narew, Bug, Mukhavets, Pripjat og Dnepr, men vassvegen er ikkje framkommeleg på grunn av ei demning nær Brest i Kviterussland.
Byar ved og nær Brda Przechlewo Konarzyny (tysk Konarschin (fram til første verdskrigen), Kunertsfeld (under andre verdskrigen), kasjubisk Kònarzënë) Tuchola (tysk Tuchel) Koronowo (tysk Krone, Polnisch Krone, Krone an der Brahe) Bydgoszcz (tysk Bromberg)
Sjå òg Elvar i Polen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brda River» frå , den 14. mai 2008.
Kategori:Elvar i Polen Kategori:Kujaviskpommerske voivodskap