Noregs Mållag er ein norsk organisasjon som vart stifta i 1906 for å fremja landsmål (nynorsk). Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Norsk Tidend. Noregs Mållag deler kvart år ut Målprisen, Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og (frå 2006) Nynorsk næringslivspris. Føremålet til Noregs Mållag er å arbeida for å gjera den norske målreisingstanken til røyndom.

Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne 4.–5. februar 1906, samstundes som partiet Venstre hadde landsmøte. Fram til 1922 var namnet Norigs Maallag. Fyrste formann vart Marius Hægstad. Leiar frå 2020 er Peder Lofnes Hauge. Noregs Mållag har saman med ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom over 15 000 medlemer.

Historie Tida før skipinga i 1906 Før skipinga av Noregs Mållag fylte andre organisasjonar og institusjonar rolla som hovudorgan for den nynorske målreisinga. Det Norske Samlaget (skipa 1868) hadde som føremål å fremja bokutgjeving på nynorsk og dialekt og fungerte dessutan frå 1870-åra som politisk hovudorganisasjon for målreisinga. Ei særleg viktig rolle fekk Samlaget som kontaktorgan mellom staten og målrørsla, og løyvingane til nynorske føremål frå 1881 (til publisering og nynorskkurs for lærarar) vart kanaliserte gjennom Samlaget.

Medan Samlaget heldt på denne rolla som kontaktorgan, kom det frå midten av 1890-åra til tre andre nynorsktiltak som tok over andre sentralfunksjonar for målrørsla. Med målavisa Den 17de Mai (1894) vart det etablert eit nytt tyngdepunkt for agitasjon og politisk strategiutvikling i hovudstaden. Redaktør Rasmus Steinsvik (1894–1913) vart den sterke mannen og den leiande strategen i målrørsla, iallfall fram til 1906. Finansieringslaget Maalkassa (1895–ca. 1910) sprang ut av miljøet kring Den 17de Mai og vart etablert og drive av framståande målfolk.

Attåt å reisa pengar til måltiltak, fekk Maalkassa òg raskt ein posisjon som uformelt landslag for målreisinga. Særleg viktig vart Norsk maalkontor (1900–1915) som Maalkassa og Samlaget etablerte i lag og som Maalkassa finansierte. No fekk målrørsla ein fast distribusjonssentral for nynorske skrifter og ein agitasjonssentral. Med Noregs Ungdomslag (skipa 1896) fekk målrørsla òg ein brei landsorganisasjon med fleire hundre lokallag og mange tusen medlemer. Alt frå skipinga gjorde samskipnaden målsaka til fremste arbeidsoppgåve. Ideen om å etablera eit eige landslag for målsaka vart fyrst reist alt kring 1870 i Vestmannalaget (skipa 1868), og diskusjonen kom jamt opp gjennom 1880- og 90-åra, særleg i målmiljøet i hovudstaden.

Grunnleggjaren av Samlaget, H. E. Berner, tok i 1883 initiativet til eit landslag for målsaka, men dei dominerande kreftene i målmiljøet i hovudstaden valde heller å satsa på Samlaget og på arbeid innanfor partiet Venstre, som historikaren Leiv Mjeldheim har karakterisert som den politiske verneengelen til målrørsla. Diskusjonen om eit landslag vart reist med ny kraft i samband med organiseringa av fylkesmållaga 1899–1901, og krava kom no i aukande grad frå det lokale og regionale tillitsmannsapparatet. Der vart det argumentert med at det trongst eit landslag for å yta hjelp til lokale mållag i det arbeidet ein no stod framfor med å føra inn nynorsk i lokalsamfunna. Men målmiljøet i hovudstaden, og særleg redaktør Rasmus Steinsvik, var kraftig imot ideen om eit landslag og argumenterte med at grunnorganisasjonen framleis ikkje var sterk nok til å bera og finansiera eit landslag. Steinsvik la til ein viss grad òg lok på debatten om spørsmålet.

Då målmiljøet i hovudstaden (Samlaget, Maalkassa, Den 17de Mai og Noregs Ungdomslag) tok initiativet til målstemnet i februar 1906, stod skipinga av eit landslag såleis heller ikkje på saklista. Føremålet var å forma ut eit samla krav frå målrørsla til partia framfor stortingsvalet hausten 1906 — difor vart òg målstemnet i Oslo halde dagen før Venstre skulle ha landsmøte same stad. Initiativet til eit landslag kom på slutten av møtet som eit benkeframlegg frå Johannes Lavik, bladstyrar i Gula Tidend og leiar for målfolket vestafjells. Både framlegget om å skipa eit landslag og førebelslovene for ’Norigs maallag’ gjekk då samrøystes gjennom mellom 1 og 2 natt til 5. februar.

Tida fram til andre verdskrigen Frå førstninga arbeidde mållaget politisk. Det hadde landsmøte kvart tredje år, i samband med stortingsvala. Frå 1910-åra tok mållaget under Edvard Os til med å byggja opp både hovudorganisasjonen og lokallag, som det etter kvart blei fleire av.

Medan laget først hadde hatt som mål å styrka landsmålet og målrørsla, la det seg etter kvart på ei sterkare line. I arbeidsprogrammet frå 1921 blei det slått fast at «Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmål i landet.»

Målsak under andre verdskrigen Mållaget blei oppløyst av varaformann Gustav Indrebø (formannen Knut Markhus var fengsla) i mars 1942, då nazistane ville ha makta der. Fleire lokallag blei lagde ned under krigen, og medlemstalet sokk.

Noregs Mållag i etterkrigstida Etterkrigstida var prega av tilbakeslag for den tidlegare så framgangsrike nynorsken. Frå 1944 var det nedgang i talet på skulekrinsar som hadde nynorsk som hovudmål. Samstundes var mållaget plaga av indre strid, der ulike retningar ønska å halda på tradisjonelle former eller la skriftspråket nærma seg bokmål. Striden førte til at Vestmannalaget melde seg ut av Noregs Mållag i 1962, medan Vestlandske Mållag braut ut under landsmøtet i 1970.

Mållaget tona ned tanken om at nynorsk skulle vera einaste skriftspråket i landet, og markerte seg i kampen for dialektbruk. I det nye prinsipprogrammet frå 1976 heitte det at «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin, og for at folket etter kvart samlar seg om og tek i bruk det nynorske skriftmålet». Frå denne tida kom òg slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk».

I dei seinare åra har Noregs Mållag lagt vekt på å sjå nynorsken som del av det språklege mangfaldet i landet. Det kjem til uttrykk bl.a. i det internasjonale programmet frå 2005, likeins i slagordet for jubileumsfeiringa i 2006: "Mange røyster – felles mål".

Organisasjonen

Fylkeslag

Aust-Agder Mållag Austmannalaget (Hedmark og Oppland utanom Valdres) Buskerud Mållag Fylkesmållaget Vikværingen (Oslo, Akershus og Vestfold) Hordaland Mållag Karmsund Mållag (delar av Rogaland og Hordaland) Naumdøla Mållag Nordland Mållag Nordmøre Mållag Rogaland Mållag Romsdal Mållag Sogn og Fjordane Mållag Sunnmøre Mållag Telemark Mållag Troms og Finnmark Mållag Trønderlaget (Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, utanom Namdalen) Valdres Mållag Vest-Agder Mållag Yrkesmållaga Østfold Mållag Direkte innmelde lag

Direkte innmelde lag, eller beinveges innmelde lag, er lag som er med i Noregs Mållag utan å vera med i eit fylkesmållag. Dei direkte innmelde laga er Kvinnherad Mållag, Skedsmo Mållag og Vefsn Mållag. I 2004 hadde desse laga 103 medlemer.

Norsk Målungdom har rettar som eit fylkeslag.

Yrkesmållag Juristmållaget Landbruksmållaget Løvebakken Mållag Mediemållaget Medisinsk Mållag Noregs Lærarmållag Trafikklærarmållaget

Leiarar i Noregs Mållag Tittelen vart endra frå formann til leiar i 1982. Leiaren er på val på alle ordinære landsmøte. I 2014 gjekk leiarperioden frå å vere eitt til to år.

1906–1909: Marius Hægstad 1909–1912: Jørgen Løvland 1912–1915: Nikolaus Gjelsvik 1915–1917: Fredrik Voss 1917–1921: Olaus Islandsmoen 1921–1925: Halvdan Koht 1925–1926: Knut Liestøl 1926–1929: Torleiv Hannaas 1930–1932: Gustav Indrebø 1932–1936: Anders Todal 1936–1942: Knut Markhus(verksemda var nedlagd i tida 1942–1945) 1946–1949: Hans Eidnes 1949–1952: Asbjørn Øverås 1952–1957: Knut Robberstad 1957–1958: Hartvig Kiran 1958–1960: Magne Skodvin 1960–1963: Ivar Eskeland 1963–1965: Trygve Bjørgo 1965–1970: Hans Olav Tungesvik 1970–1971: Bjarne Slapgard 1971–1973: Steinar Lægreid 1973–1975: Johan Krogsæter 1975–1977: Ola Breivega 1977–1979: Kjell Snerte 1979–1980: Dagfinn Hjellbrekke 1981–1984: Maria Høgetveit Berg 1984–1987: Ola E. Bø 1987–1989: Jon Låte 1989–1991: Marta Østerås Falch 1991–1993: Kristian Ihle Hanto 1993–1994: Jan Olav Fretland 1994–1997: Olav Randen 1997–1999: Liv Ingebrigtsen 1999–2002: Oddmund Løkensgard Hoel 2002–2002: Vidar Lund 2002–2003: Håvard Teigen 2003–2005: Endre Brunstad 2005–2005: Steinulf Tungesvik 2005–2006: Nils Ulvund 2006–2009: Hege Myklebust 2009–2013: Håvard B. Øvregård 2013–2016: Marit Aakre Tennø 2016–2020: Magne Aasbrenn 2020– : Peder Lofnes Hauge

Skrivarar og daglege leiarar

Tittelen vart endra frå skrivar til dagleg leiar i 1987. Ikkje alle vikarar er med.

Saman med Noregs Ungdomslag 1913–1926: Edvard Os 1927–1935: Aslak Torjusson 1936–1947: Kristoffer Sælid (verksemda nedlagt 1942–1945) 1947–1948: Reidar Hernes (vikar) 1945-1955: Knut Fortun

Eiga skrivarstove for Noregs Mållag frå 1. januar 1956 1956–1957: Ivar Eskeland 1957–1958: Olav Færøyvik 1958–1959: Hogne Skeidsvoll 1959–1963: Olav Engan 1963–1964: Ola Breivega 1964–1969: Helge Eide 1969–1971: Kjell Hellesnes 1971–1973: Jahn-Arill Skogholt 1973–1976: Jarle Varpe 1976–1986: Olaf Almenningen 1980: Bodil Røyset (vikar) 1982: Oddrun Molvik (vikar) 1984: Kristian Ihle Hanto (vikar) 1987: Margunn Drivenes (vikar) 1987–1991: Roger Lockertsen 1991: Lars Svarstad 1992: Aagot Jordstøyl (vikar) 1992–1998: Atle Faye 1998: Ottar Grepstad (vikar) 1998–2000: Grete Riise 2001: Hege Myklebust (vikar) 2001– : Gro Morken Endresen Rebekka Hugøy Hovland Jógvan Helge Gardar 2023-: Emma Pedersen

Landsmøte Mållaget har lagt vekt på å halda landsmøte på ulike stader i Noreg, sjå eigen artikkel om landsmøte i Noregs Mållag.

Heidersmedlemer i Noregs Mållag

Desse er utnemnde til heidersmedlemer i Noregs Mållag. Utnemningsåret står i parentes.

Audun Heskestad (2006) Marie Lovise Widnes (2006) Guri Vesaas (2010) Olaf Almenningen (2018) Oddny Miljeteig (2018)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Eskeland, Ivar: I strid for norsk mål. Noregs Mållag 1906-1956, Oslo 1956.

Kategori:Norsk språk Kategori:Nynorskorganisasjonar Kategori:Målrørsla Kategori:Skipingar i 1906