Święty Krzyż-voivodskapet (polsk województwo świętokrzyskie eller berre świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.
Det grensar til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2018 hadde voivodskapet innbyggjarar.
Byar og landsbyar Voivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 :
1. Kielce (207 718) 2. Ostrowiec Świętokrzyski (73 937) 3. Starachowice (53 092) 4. Skarżysko-Kamienna (49 131) 5. Sandomierz (25 088) 6. Końskie (20 667) 7. Busko-Zdrój (17 297) 8. Jędrzejów (16 577) 9. Staszów (15 499) 10. Pińczów (11 886) 11. Włoszczowa (10 782) 12. Suchedniów (8 911) 13. Połaniec (8 316) 14. Opatów (6 846) 15. Sędziszów (6 813) 16. Stąporków (5 986)
17. Kazimierza Wielka (5 730) 18. Ożarów (4 816) 19. Chęciny (4 252) 20. Chmielnik (4 005) 21. Małogoszcz (3 943) 22. Ćmielów (3 172) 23. Kunów (3 127) 24. Daleszyce (2 800) 25. Wąchock (2 760) 26. Koprzywnica (2 531) 27. Bodzentyn (2 241) 28. Osiek (1 955) 29. Zawichost (1 853) 30. Skalbmierz (1 323) 31. Działoszyce (1 068)
Administrativ inndeling Święty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Świętokrzyskie Voivodeship» frå , den 23. mai 2008.
Bakgrunnsstoff