Albatrossar (Diomedeidae) er store sjøfuglar som saman med artane i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande fuglane, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande fugleartar. Familien er vanlegvis delt inn i fire slekter, men det er usemje om talet på artar som varierer mellom 12 og 21 artar avhengig av autoritet.
Albatrossane er svært effektive i lufta, ved hjelp av glideflogteknikkar kan dei dekke store distansar med lite bruk av energi. Dei beitar blekksprut, fisk og kril ved å ta avfall, gripe i vassoverflata eller dukke. Albatrossar hekkar i koloniar, mest på fjerne øyar, ofte nært saman med fleire andre artar. Parband mellom hannar og hoar kan byggast over fleire år med bruk av ritualdansar og vil vare i livet ut for paret. Ein hekkesesong kan ta over eit år frå egglegging til flygeferdige ungar, med eitt enkelt egg i kvart forsøk.
Av 21 artar av familien som er godkjende av International Ornithologists' Union, er 19 er raudlista som ikkje-livskraftige artar. Talet på albatrossar har tidlegare gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag er albatrossane trua av introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorleg nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar. Linefiske utgjer det største trugsmålet: fuglane jaktar agna på lina og blir dermed hekta fast. Identifiserte interessentar som styresmakter, naturvernorganisasjonar og folk i fiskerinæringa arbeider for å redusere denne «bifangsten».
Morfologi og flyging mini|venstre|I motsetnad til dei fleste Procellariiformes, kan albatrossar, slik som denne svartfotalbatrossen, gå godt på land. mini|høgre|Portrett av ein svartflekkalbatross. Merk det store, krumme nebbet med nasale røyr Albatrossane er ei gruppe av store til svært store fuglar, og er dei største av stormfuglane i ordenen Procellariiformes. Nebbet er stort, sterkt og med skarpe kantar, den øvre kjeven endar i ein stor krok. Nebbet er sett saman av fleire hornplater, og langs sidene er dei to røyr, lange nasebor. Røyra av alle albatrossar ligg langs sidene av nebbet, i motsetnad til hos resten av fuglane i ordenen Procellariiformes der røyra går langs oversida av nebbet. Desse røyra lèt albatrossar ha ei god utvikla kjensle av lukt, ei uvanleg evne for fuglar. Som andre Procellariiformes utnyttar albatrossane luktesansen når dei søkjer etter potensielle matkjelder. Føtene har inga baktå og mellom dei tre framtærne har dei fullt utvikla symjehud. Beina er sterke for Procellariiformes å vere, faktisk, nesten unik blant denne biologiske ordenen, i at dei saman med kjempepetrellane er i stand til å gå godt på land.Tickell, W.L.N. (2000). Albatrosses. Sussex:Pica Press, ISBN 1-873403-94-1
Som alle andre i ordenen Procellariiformes, har albatrossar trong for å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av det høge mengda havvatn dei absorberer. Alle fuglar har ein forstørra nasekjertel ved nebbrota, over auga. Denne kjertelen er inaktiv hos artar som ikkje krev avsalting, men alle albatrossar gjer bruk av kjertelen. Forskarar er usikre på dei nøyaktige prosessane i kjertelen, men veit at i generelle termar så fjernar kjertelen salt og dannar ein 5 % saltoppløysing som dryp ut av nasen, eller som hos nokre artar, dei slyngjer ut væska.
Fjørdrakta hos dei fleste vaksne albatrossane er vanlegvis ein variant av mørk overside på veng og rygg med kvit underside, ofte ikkje ulikt ein måse. Av desse artane spenner frå det sørlege kongealbatross som er nesten heilt kvit bortsett tuppen og bakkant av vengene hos fullt kjønnsmodne hannar, til underarten Diomedea exulans amsterdamensis av vandrealbatross, som har ein nesten juvenil-aktig hekkefjørdrakt med mykje brunt, særleg eit sterkt brunt band rundt brystet. Fleire artar av Thalassarche og Phoebastria-albatrossar har andletmarkeringar som augeflekker eller har grått eller gult på hovud og nakke. Tre albatrossartar, svartfotalbatross, gråalbatross og sotalbatross, varierer heilt frå dei vanlege draktene, til nesten einsfarga mørk brun, eller mørk grå i fallet gråalbatross. Det kan ta fleire år å få den fullt vaksne hekkedrakta for ein albatross.Brooke, M. (2004). Albatrosses And Petrels Across The World Oxford University Press, Oxford, UK ISBN 0-19-850125-0
Dei største albatrossane i slekta Diomedea har det største vengespennet av alle fuglar, det kan overstige 3,40 meter, andre albatrossartar kan ha monaleg mindre vengespenn, ned til 1,75 m. Albatrossar reiser enorme avstandar med to teknikkar som blir brukte av mange sjøfuglar med lange venger, dynamisk glideflyging og utnytting av hang. Dynamisk glideflyging inneber gjentatte stigingar inn i vind og senking i vindretninga slik at dei vinn energi frå den vertikale vindgradienten. Hang er den stigande lufta på lesida av store bølgjer. Albatrossar oppnår høge forholdstal for glideflukt, rundt 22:1 til 23:1, noko som tyder at for kvar meter dei taper høgd, kan dei reise framover 22 meter. I glideflukta får dei stønad frå skulderlåsen, eit senelag som låser vengen når han er fullt utstrekt, slik at vengen blir halden utstrekt utan bruk av muskelkraft, ei morfologisk tilpassing dei deler med kjempepetrellar. mini|høgre|Avgang er den mest energikrevjande delen av ei flyging, og kan krevje kraftig vengebruk, her ein ungfugl av gulhovudalbatross
Albatrossar kombinerer glideflygeteknikkar med bruk av føreseieleg vêrsystem. Albatrossar på den sørlege halvkula som flyg nordover frå koloniane vil dreie kursen med urvisaren, og dei som flyg sørover vil dreie mot urvisaren. Albatrossane er så godt tilpassa denne levemåten at hjartefrekvensen under flyging ligg nær kvilepulsen. Denne effektiviteten er slik at det mest energikrevjande aspektet av ein tur for matauke ikkje er sjølve flygedistansen, men landingar, avgangar og jakta dei gjer etter å ha funne ei matkjelde.
Det er denne effektive flygeteknikken som er grunnlaget for albatrossane sin suksess i flyging over særs lange distansar som strategi for å søkje føde som er lokalisert spreidd og ujamt fordelt over store areal til havs.
Dei lange vengene er dårleg eigna til kraftfull flyging og dei fleste artane manglar musklar og energi til å gjennomføre vedvarande flagrande flukt. Tilpassinga til glideflyging gjer dei avhengige av vind og bølgjer, om albatrossar blir tvinga til å kvile på havoverflata i roleg sjø, må dei kanskje vente til vinden tek seg opp att.
Artane i det nordlege Stillehavet kan bruke ein alternativ teknikk der fuglen gjer kraftige vengeslag for å vinne høgd, følgt av gliding.Warham, J. (1996). The Behaviour, Population, Biology and Physiology of the Petrels. London:Academic Press, ISBN 0-12-735415-8 Når albatrossar tar av på land, treng dei å ta ein løpetur for å gje fart og løft under vengene.
Utbreiing og rekkjevidd til havs mini|venstre|Utbreiinga av albatrossar over heile verda. Illustrasjon av Mirko Thiessen basert på HBW, band 1. Dei fleste albatrossane har leveområde på den sørlege halvkula frå Antarktis til Australia, Sør-Afrika og Sør-Amerika. Unntaka frå dette er dei fire artane i slekta Phoebastria, der tre finst utelukkande i det nordlege Stillehavet, frå Hawaii til Japan, California og Alaska, og éin, galapagosalbatross, hekkar på Galapagosøyane og beitar utanfor kysten av Sør-Amerika.
mini|høgre|Galapagosalbatross (Phoebastria irrorata) er einaste albatrossarten med naturleg leveområde i ekvatoriale farvatn. Trongen for vind til glideflukt er grunnen til at albatrossar for det meste er avgrensa til høgare breiddegrader, glideflygeteknikken dei nyttar gjer at kryssing av ekvatorialbeltet er ekstremt vanskeleg. Unntaket, galapagosalbatrossen, er i stand til å leve i ekvatoriale farvatn rundt Galapagosøyane på grunn av det kjølige vatnet i perustraumen og dei resulterande vinden som dette gjev.
mini|høgre|Albatrossar spenner over store havområde og kan regelmessig flyge jorda rundt grovt rekna langs ein latitude på den sørlege halvkula, her representert ved vandrealbatross (Diomedea exulans). Ein veit ikkje sikkert kvifor albatrossane vart utrydda i Nord-Atlanteren, sjølv om stigande havnivå på grunn av ein varm periode i ei mellomistid kan tenkjast å ha overfløymt hekkestaden for gulhovudalbatross (Phoebastria albatrus) på Bermuda. Nokre sørlege artar har tidvis dukka opp som omstreifarar i Nord-Atlanteren og kan bli forvist ståande der i fleire tiår. Ein av desse, ein svartbrynalbatross, returnerte til sulekoloniar i Skottland i mange år.Cocker, M., & Mabey, R., (2005) Birds Britannica London:Chatto & Windus, ISBN 0-7011-6907-9 Både svartbrynalbatross og gulnasealbatross har vore observerte i norske farvatn.Norgeslisten hos Norsk Ornitologisk Forening
Bruk av satellittsporing lærer forskarane mykje om korleis albatrossar streifar over havet for å finne mat. Albatrossar har ingen regelbunden årleg migrasjon, men spreier seg mykje etter hekkeperioden, og i tilfelle av artar på den sørlege halvkula, gjer dei ofte sirkumpolare turar. Det er òg dokumentert at artane differensierer seg i bruk av havområde. Ei samanlikning av beitenisjar av to nærskylde artar som begge hekkar på Campbelløyane, underarten impavida av svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris), og gråhovudalbatross (Thalassarche chrysostoma), viste at svartbrynalbatrossen primært beita over Campbell-platået medan gråhovudalbatrossen beita meir pelagisk, over oseaniske farvatn. Vandrealbatrossane reagerer òg sterkt på batymetri, det vil seie dei beitar berre i farvatn med havdjupn større enn 1000 meter; så nøyaktig følgde satellittplotta denne konturen at ein vitskapsmann uttrykte, «- det er nesten som om fuglane er merksame på og lyder eit 'inga åtgang'-skilt der djupna er mindre enn 1000 m.» Det er òg haldepunkt for separasjon mellom kjønna av same art: ein studie av tristanalbatross som hekkar på Gough Island viste at hannar beita vest for øya og hoer mot aust.
Føde Kosthaldet er sett saman av hovudsakleg blekksprutar, fisk, krepsdyr og slakteavfall, sjølv om dei òg vil ta for seg av åtsel og beite på anna dyreplankton. For dei fleste artar er ei heilskapleg forståing av dietten berre kjent for hekkesesongen, når albatrossar jamleg dreg tilbake på land og undersøkingar er moglege. Verdet av kvar av desse matkjeldene varierer frå art til art, og jamvel frå populasjon til populasjon, og nokre konsentrerer seg om blekksprut åleine, andre tek meir kril eller fisk. Av dei to albatrossartane på Hawaii, tar svartfotalbatross (Phoebastria nigripes) for det meste fisk, mens laysanalbatross (Phoebastria immutabilis) beitar på blekksprut.