Japanstormsvale (Hydrobates monorhis) er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien Hydrobatidae. Utbreiingsområdet er nordlege i Indiahavet og nordvestre Stillehavet frå Den arabiske halvøya til Vladivostok.

Dette er ein liten fugl, 18–21 cm i lengd med ein 45–48 cm vengespenn, men tydeleg større enn havsvale, Hydrobates pelagicus. Japanstormsvala er i hovudsak mørk brun i alle fjørdrakter, og har ei flagrande flukt, «vandrar» på havoverflata mens ho plukkar opp planktonisk føde. I motsetnad til havsvala, følgjer ho ikkje skip.

I struktur liknar ho mest på arten stormsvale, Oceanodroma leucorhoa, med sin kløyvde hale, langstrekte venger, og flygemåte, men japanstormsvala manglar kvitt på overgumpen og lætet er ulikt. Ho er vanskeleg å skilje frå andre einsfaga, mørke Oceanodroma-artar.

Japanstormsvale hekkar på øyar i nordvestre Stillehavet utanfor Kina, Japan og Korea. Hekkekoloniane ligg nær havet, reirplassar ligg i steinsprekker og dei legg eit einskild, kvitt egg. Utanom hekkesesongen lever dei til havs, i Indiahavet og Arabiahavet.

I juli 1983 vart ei japanstormsvale fanga på Selvagensøyane, Madeira, den første observasjonen i Atlanterhavet.James, P.C., & Robertson, H.A. 1985. First record of Swinhoe's Storm Petrel Oceanodroma monorhis in the Atlantic Ocean. Ardea 73: 105-106. Sidan den gongen har arten vore registrert sporadisk i nordvestre Atlanteren. I Klepp kommune, Jæren, blei det fanga og ringmerkt ei japanstormsvale i 1996 og eit anna individ året etter. Den siste blei fanga igjen på same staden i 2000 og i 2003.Rapportsystemet for fugler Observasjonar henta frå systemet 17. juni 2012

Populasjonen er estimert til 260 000 hekkande individ (2004) og er stabil.BirdLife International, 2012

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Swinhoe's Storm Petrel» frå , den 17. juni 2012. BirdLife International (2012) Species factsheet: Oceanodroma monorhis . Henta frå http://www.birdlife.org den 17 juni 2012 Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av perustormsvale hos Internet Bird Collection

Kategori:Stormsvalefamilien