Dønnesfjord kapell, også kalt Galten kapell, er eit kapell frå 1888 i Hasvik kommune i Finnmark. Kapellet er bygd som ei langkyrkje og stod opphavleg i fiskeværet Galten, men vart flytt til Dønnesfjord i 1951.

Byggverket er i tre og er bygd med 120 sitjeplassar. Det er den eldste bygningen i Hasvik kommune, alle andre bygningar gjekk med då tyskarane brente av Finnmark i 1944-45.

Kyrkja er bygd med ein ruvande silhuett ytst mot Lopphavet ytst i Dønnesfjorden på Sørøya. Kyrkja vart freista sett fyr på av tyskarane då dei trekte seg attende frå Finnmark i 1944, men elden ville ikkje ta tak og ho stod att som det einaste huset i kommunen etter krigen. No er det ikkje lenger fastbuande som brukar kyrkja om vinteren. Det er berre gudsteneste i kyrkja ein gong årleg, midt på sommaren. Dåverande sokneprest Paul Skuland i Hasvik foreslo å selje kyrkja for ei krone, men Riksantikvaren sette seg imot dette og la fram forslag om freding. Det vart løyvd 750 000 kroner til å pusse opp kyrkja, og dette vart gjort i 2005.

Bakgrunnsstoff Om Dønnesfjord kyrkje hos Hasvik kommune Artikkel i Aftenposten med bilete av kyrkja før oppussing Om renoveringa av kyrkja med bilete av kyrkja etter oppussing Fagleg rapport frå renoveringa (pdf)

Kategori:Kyrkjer i Hasvik Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kulturminne i Hasvik Kategori:1888 i Noreg