Masi kyrkje er ei langkyrkje frå 1965 i Kautokeino kommune i Finnmark.
Byggverket er i tre og er bygd med 150 plassar. Arkitekt var Rolf Harlew Jenssen.
Historie Det fyrste kapellet vart reist på 1600-talet av svenskane og den neste kyrkja vart oppført i 1721 av Thomas von Westen. Ho stod til 1768, i mellomtida var territorialspørsmålet avgjort ved grensetraktaten i 1751. I 1944 brente tyske styrkar ned den kyrkja som vart vigsla av biskop Eivind Berggrav i 1931. Dagens kyrkje vart oppført i 1965. Dei første planane for altautbygginga skisserte å demme ned heile Masi, inkludert kyrkja.
Inntil 1751 stod svenske prestar for tenestene i kyrkja. Gudstenestene vert no forretta både på samisk og norsk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Kautokeino Kategori:Rolf Harlew Jenssen Kategori:Kyrkjer i Indre Finnmark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1965 Kategori:Kulturminne i Kautokeino