Skallelv kyrkje er ei gulmåla langkyrkje frå 1961 i Skallelv i Vadsø kommune i Finnmark fylke. Bygget vart opphavleg sett opp i 1901 og tente som skulehus for bygda til 1953. Fyrst på 1960-talet vart det ombygd til kapell etter teikningar laga av Rolf Harlew Jenssen. Inventaret er frå byggjeåret eller seinare. Døypefonten er i tre og er laga av Rolf Harlew Jenssen. Altertavla er ein enkel kross laga ved Stocks Snekkerverksted. Der vart òg preikestolen laga.
Kyrkja er bygd i tre og har 78 plassar.
Ein kan komme til staden via Europaveg 75.
Skallelv kyrkje høyrer til Vadsø kyrkjesokn i Varanger prosti.
Kjelder Thor Robertsen: «Skallelv kapell» på nettstaden skallelv.net
Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk
Om Skallelv kapell på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Vadsø Kategori:Rolf Harlew Jenssen Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1961 Kategori:Kulturminne i Vadsø