Arade er ei elv i Algarve i Portugal. Ho har kjelda si i Caldeirãofjella og renn gjennom byen Silves. Arade munnar ut i Atlanterhavet ved byen Portimão.

Under Det portugisiske riket var Arade framkommeleg for skip heilt opp til Silves, der det låg ei viktig hamn, særleg for handel med kork. I dag kan berre mindre båtar nå så langt opp i elva.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arade» frå , den 24. juni 2008.

Kategori:Elvar i Portugal Kategori:Algarve