Ceahlăumassivet er ei av dei mest kjende fjellkjedene i Romania. Ho ligg i Dei austlege Karpatane i Neamț fylke i regionen Moldavia. Dei to største toppane er Toaca (1904 moh.) og Ocolașul Mare (1907 moh.). Ho grenser i aust til elva Bistrița og Bicazsjøen og i sør til Bicazelva.

Sør for fjellkjeda ligg byen Bicaz. I nord kan ein òg nå Ceahlău frå Durău.

Det er mange segner knytt til Ceahlăumassivet, og på grunn av dette vert det stundom kalla «Den rumenske Olympos (Ólymbos)».

Natur

mini|Ceahlău - Piatra Lată din Ghedeon

Ceahlău nasjonalpark vernar dyre- og plantelivet i fjellet. Nokre av artane er endemiske eller sjeldne andre stader i Romania. Inngangen til nasjonalparken er ved landsbyen Izvorul Muntelui, 12 km nordaust for Bicaz.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ceahlău Massif» frå , den 1. juli 2008.

Ceahlau Ceahlau