Dâmbovița er ei elv i Romania. Ho startar der elvane Valea Vladului og Boarcășu renn saman i Făgărașfjella. Frå her renn ho sørover og gjennom București før ho munnar ut i Argeș etter 258 km, nær Budești, i Călărași fylke. Dâmbovița fylke er kalla opp etter elva.

Dâmbovița i București

I fleire hundreår var Dâmbovița den viktigaste drikkevasskjelda til București. Det var fleire vassbrønnar, men det meste av vatnet i București vart distribuert av vassberarar.Ionescu s. 28-29

I gamle soger frå București vert vatnet i Dâmbovița omtalt som «søtt», og sjølv på byrjinga av 1700-talet omtalte Anton Maria del Chiaro elva som «lett og rein». Mot slutten av hundreåret voks byen og elva vart forureina. Derfor trong ein akveduktar for å føre reint vatn til byen. Dei tidlegaste akveduktane vart bygd under fyrst Alexander Ypsilantis.

Det vart bygd mange vassmøller langs Dâmbovița, dei fleste av dei eigd av fyrsten, klostera eller bojarar.

Dâmbovița hadde tidlegare to sideelvar i București: Dâmbovicioara, på høgresida, som truleg rann i området der gata Sființii Apostoli ligg i dag. Bucureștioara, som rann frå eit tjern der Grădina Icoanei i dag er.

I tillegg var det ei grein av elva kalla Gârlița, som forma øya Ostrovu.

Dâmbovița førte ofte til flaum i București, særleg på den lågare venstrebreidda. Etter storflaumen i 1775 gav Ypsilantis ordre om å byggje ein kanal for å hindre eller minske framtidige flaumar. I 1813 avgjorde fyrst Jean Georges Caradja at elveleiet skulle reinsast. Delen av elva som renn gjennom hovudstaden vart kanalisert to gonger, først i 1883 (for å hindre flaum) og så seint i 1970-åra i samband med ombygging av sentrumsområde og bygginga av București Metro.

Det har aldri vore mogeleg med skipsfart på Dâmbovița, men det vart gjort mislukka forsøk med båtar på elva i 1902.Georgescu et al., s.392

Tidleg i historia si eksisterte det eit par bruer over Dâmbovița i București. I dag er det om lag eit dusin bruer over elva i hovudstaden.

Byar og landsbyar Elva renn gjennom følgjande byar og landsbyar i Romania: Dragoslavele Malu cu Flori Cândești Vulcana-Băi Voinești Mănești Dragomirești Lucieni Nucet Contești Lungulețu București Plătărești Vasilați Budești

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dâmbovița River» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Ştefan Ionescu, Bucureștii în vremea fanarioților, Editura Dacia, Cluj, 1974. p.28-30 Florian Georgescu et al. Istoria Orașului București, Muzeul de Istorie a Orașului București, 1965. Trasee turistice - județul Argeș Trasee turistice - județul Dâmbovița Trasee turistice - județul Ilfov

Fotnotar

Kategori:Elvar i Romania Kategori:București Kategori:Argeș fylke Kategori:Dâmbovița fylke Kategori:Ilfov fylke Kategori:Călărași fylke