Amalie Skram () er rekna for å vere ein av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg. Skram var fødd i Bergen, men budde frå 1884 til ho døydde i København.

Skram er rekna for å vere ein av dei fremste forfattarane i «det moderne gjennombrotet», saman med mellom andre Alexander Kielland og Jonas Lie. I romanane sine gav ho fyrst og fremst ei kritisk framstilling av dei sosiale tilhøva i samtida si, men ho skreiv også om det indre livet. I det mest kjende verket hennar, Hellemyrsfolket (1887–1898), gjev ho klart uttrykk for den naturalistiske haldninga si, men i seinare verk som Sommer frå 1899 kjem det fram ein meir stemningsfull uttrykksmåte.

Frå ho debuterte i 1885 til ho døydde i 1905, gav Amalie Skram ut om lag 20 verk. Det meste er romanar, men noko er også noveller og skodespel. I tillegg skreiv Skram ei rekkje litteraturmeldingar i arbeidet sitt som kritikar. Nokre av verka hennar er også filmatiserte.

Biografi Oppvekst Berthe Amalia (Alver), fødd 22. august, vart døypt i Bergen domkyrkje 27. september 1846.«Fødte og døpte kvinner 1846», s. 213 i Ministerialbok nr. B 2 (1841-1851) frå Domkirken. Amalie budde den fyrste levetida si i Apotekersmauet i Bergen og deretter i Strandgaten.«Stakkars Amalie». Lydklipp frå NRK på nettsidene til Danmarks Radio om oppveksten til Amalie Skram. Ho hadde åtte sysken, men berre fire av dei levde opp, og alle fire var gutar. Far hennar, Mons Monsen Alver, som var innflyttar, dreiv ein forretning i kjellaren i huset dei budde i. Mor hennar, Ingeborg Lovise Sivertsen, var dotter av ein lappeskomakar i Bergen. Det gjekk dårleg for verksemda til far til Amalie, og i 1863 gjekk han konkurs. Det var også rot i rekneskapen til verksemda, så han måtte i all hast reise til USA for å unngå å hamne i gjeldsfengsel.Gunnar Staalesen, «Arven fra Amalie », opphavleg utgjeven i Bergens Tidende 24. august 1996. Huset i Bergen vart selt på tvangsauksjon, så resten av familien måtte flytte. Det var meininga at dei òg skulle kome over til USA når faren hadde fått seg jobb, men det ville ikkje mor til Amalie. Ho, Amalie og brørne til Amalie vart difor verande att i Bergen.

Mor til Amalie var svært oppteken av at ungane hennar skulle få ein god skulegang. Amalie fekk gå på den beste jenteskulen i byen, og to av brørne hennar gjekk på latinskulen, sjølv om familien verken hadde høg sosial status eller mykje pengar. Ho fortel sjølv at ho ikkje gjekk rett heim etter skulen som dei fleste andre ungane, men i staden vandra gatelangs eller følgde etter byoriginalar som «Småfylla» og «Tippe Tue». Faren hennar prøvde gjentekne gonger å få med kona og ungane til USA, men klarte ikkje å overtale mor til Amalie. Nokre år seinare kom det melding om at han var død. Det har vore spekulert i om det var han sjølv som sende meldinga for å kunne starte eit nytt liv med ny kone og born, for 28 år seinare stod dødsannonsen hans i avisa. Mor til Amalie valde då å tru at dette var ei misforståing.«Amalie Skram - Den femte "store"» av Carsten Gulheim, 2004.

Det fyrste ekteskapet mini|Amalie Skram som ung. I 1863 vart Amalie konfirmert, og på same tid møtte ho den ni år eldre skipsføraren Bernt Ulrik August Müller. Kort tid etter faren si reise vart ho forlova med han. I 1864, då ho var knapt 18 år gammal, gifte ho seg med han. Dette hende truleg etter press frå mora, for familien til Müller hadde høg status, noko ho meinte var svært fordelaktig. Amalie vart ikkje lenge etter med mannen sin på ei lang reise til mellom anna Mexico og Jamaica. Då dei kom heim att, busette dei seg i Bergen igjen. Den fyrste sonen deira, Jacob, vart fødd i 1866, medan den andre, Ludvig August, kom til verda to år seinare. Amalie vart igjen med mannen sin på reise, og denne gongen var òg dei to ungane med. Reisa gjekk rundt heile jorda og varte frå 1869–1871. Ho greidde seg godt, sjølv om sjølivet til tider var hardt.

Etter at dei kom heim att til Bergen i 1871, vart Amalie radikalisert og gav opp det kristne livssynet sitt. Ho vart også med i eit amatørteater og skreiv den fyrste bokmeldinga si. Denne vart utgjeven anonymt i Bergens Tidende i 1877 og omhandla boka Fru Marie Grubbe av den naturalistiske forfattaren J.P. Jacobsen.«Amalie Skram-bibliografi» ved Liv Glasser. I: Amalie - silkestrilen sin datter. Pax forlag, 1996. ISBN 82-530-1830-4 Avstanden til ektemannen vart større og større. Ho søkte skilsmisse frå han fordi han hadde vore utru, men svigerfamilien hennar prøvde å presse henne til å la vere, grunna den store oppsikta ei skilsmisse ville ha vekt på denne tida. Dette førte til at ho fekk nervesamanbrot, og difor vart lagd inn på Gaustad asyl i desember 1877.«Skram, Amalie» av Irene Engelstad i Norsk Biografisk Leksikon; bind 8, Sand-Sundquist (Kunnskapsforlaget, 2004) (www). Ho var der berre i om lag eit år, men ho flytta ikkje heim att til Bergen etter at ho vart utskriven. I staden budde ho hjå dei to brørne sine, fyrst hjå Wilhelm i Kragerø og deretter hjå Ludvig i Fredrikshald. Seinare flytte ho til Kristiania. På denne tida skreiv ho ei rekkje litteraturmeldingar, spesielt av den nye naturalistiske litteraturen.

Det andre ekteskapet mini|Amalie Skram fotografert av Peter Fristrup. I 1882 møtte Amalie Alver den danske forfattaren Erik Skram i 50-årsdagen til Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad i Oppland. Etter dette reiste dei til Kristiania og var der nokre dagar. Problemet var at Amalie budde i Kristiania og Erik i København. Dei møttest difor svært sjeldan før Amalie i 1884 gifte seg med den eitt år yngre Erik og flytte til København. På denne tida skaut karrieren til Amalie fart. Ho debuterte som romanforfattar med Constance Ring i 1885 i kommisjon hjå Huseby & co. i Kristiania. Boka skulle opphavleg utgjevast på Gyldendal i København og var ferdig trykt hjå dei då forleggjaren ville at ho skulle stryke nokre avsnitt som han meinte var støytande. Dette ville ho ikkje, og måtte difor betale trykkjeutgiftene sjølv hjå Huseby & co. Ho fekk dermed ein vanskeleg start på forfattarkarrieren, og det var ikkje før med Professor Hieronimus i 1895 at ho fekk ei bok utgjeven på det prestisjetunge Gyldendalske Boghandels Forlag i København.

Amalie og Erik Skram delte det økonomiske ansvaret for familien og levde på mange måtar eit moderne liv. I 1889 fekk dei dottera Johanne. Amalie var då 43 år gammal. Erik var ein god støttespelar for Amalie og ekteskapet deira hadde utan tvil mange gode periodar, men var også prega av mistru grunna Eriks utruskap. I 1894 lét ho seg difor leggje inn på Kommunehospitalets 6te Afdeling i København. Motvillig, men med tilråding frå legane og godkjenning frå mannen, vart ho etter kvart flytt til sinnssjukehuset Sct. Hans Hospital ved Roskilde. Det var frå desse to opphalda ho henta inspirasjonen til dei to sinnssjukehusromanane, Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen, begge frå 1895.

Då ho kom ut att frå Sct. Hans Hospital flytte Amalie tilbake til København, men ikkje til Erik. Ho flytte inn på ein liten kvisthybel nokre meter frå huset til Erik. Der byrja ho igjen å skrive på nye romanar. Samtidig vart samlivet med Erik vanskelegare og vanskelegare, både fordi han hadde hatt eit anna forhold medan ho var innlagt og fordi han tidlegare hadde vore utru mot henne. I 1899 flytte dei difor frå kvarandre og tok ut separasjon.

Dei siste åra Etter separasjonen frå Erik vart Amalie buande saman med dottera si. I 1899 skreiv ho òg ein artikkel i Verdens Gang, der ho uttrykte at ho var skuffa over den dårlege mottakinga som forfattar i Noreg og difor kalla seg ein «dansk forfattar». To år etter fekk ho diktargasje frå Danmark etter avslag på fleire søknader til den norske staten. Amalie Skram følte seg så avvist i Noreg at ho ynskte seg, og fekk, påskrifta «dansk Borger, dansk Undersaat og dansk Forfatter» på urna si. Likevel er det i Noreg ho i ettertid har fått mest merksemd for litteraturen sin, medan ho i dansk litteraturhistorie har ei langt mindre rolle. Ho døydde i 1905 med verket Mennesker ufullført.

Forfattarskapen Tema Amalie Skram var naturalist og oppteken av klasseskilnad, kvinneundertrykking og dobbeltmoral. Ho ville mellom anna klarleggje om psykologiske problem kom av arv og miljø, og om korleis den moderne legevitskapen kunne misbrukast. Den såkalla medkjensle-estetikken («medlidenhetens estetikk») står sentralt i mykje av det ho har skrive. Skram har òg skrive om ungar, mellom anna om kor avhengige dei er av dei vaksne rundt seg og korleis skilnader i gute- og jenteoppseding fører til ulike kjønnsroller.

Forfattarskapen hennar er i sterkare grad enn hjå andre diktarar frå 1880- og 1890-åra prega av ein djup pessimisme. Denne pessimismen har likevel med seg eit klart kritisk perspektiv, der kritikken mot tingleggjering, umenneskeleggjering og kvinneundertrykking i det framveksande kapitalistiske samfunnet står sentralt.Jon Elster i Pax Leksikon, Oslo 1980. ISBN 82-530-1234-9 Samtidig viser ho ei gjennomgåande medkjensle for dei ho fortel om i bøkene sine, og det er nettopp dette som er sagt å vere den fremste litterære haldninga hennar. I eit brev mot slutten av livet sitt skreiv ho: «Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?»«Seroppgåva om Amalie Skram» av Karl Ove Hufthammer. Amalie Skram oppfordra også til å «Arbejde, Arbejde for at lindre».

Ekteskapsromanane Ho debuterte i 1882 med novella «Madam Høiers Leiefolk», og fekk gjennombrotet sitt tre år seinare då Constance Ring blei utgjeven. Denne forteljinga danna etter kvart det vi kan kalle starten på ekteskapsromanane i forfattarskapen, saman med Lucie, Fru Inés og Forraadt. I desse romanane set Amalie Skram ekteskapet, og særleg seksualiteten sin plass i samlivet, under debatt. Ho skildrar følgjene av den store ulikskapen mellom menn og kvinner når det gjeld seksuell erfaring. Generelt er kvinnene ho skildrar uvitande om seksualiteten, medan mennene som kvinnene giftar seg med er eldre og har hatt erotiske erfaringar før ekteskapet. Skram kritiserer dobbeltmoralen i samfunnet der det er sosialt akseptabelt at mennene er utru medan kvinnene vert plasserte på sidelinja.

I Constance Ring (1885) møter ein den unge embetsmannsdottera Constance. Ho innleier forhold til tre ulike menn (ein forretningsmann, ein lege og ein musikar). Constance er heilt uvitande om seksualitet og reagerer avvisande på dei erotiske framstøta frå desse mennene. Livet vert etter kvart meiningslaust for henne, når ho finn ut at alle tre har ei anna elskarinne, og dette leier henne til sjølvmord. Kompleksiteten i boka har gjeve rom for mange ulike tolkingar av rolla Constance spelar. Det generelle temaet i boka er den mindreverdige rolla og mangelen på rettar kvinnene hadde i samtida til Amalie Skram. Boka gav henne ein vanskeleg økonomisk start på forfattarskapen, i og med at ho måtte betale trykkjeutgiftene sjølv.

Lucie (1888) kan seiast å ha ei enklare romanform. Hovudpersonane er advokaten Theodor Gerner og kona hans Lucie. Ho var ei attraktiv og seksuelt erfaren kvinne som hadde vore dansarinne og elskarinna til Gerner før dei to gifte seg. Gerner er eldre enn Lucie, og er ein rik enkjemann. Klassebakgrunnen, erfaringane og forhistoriene deira gjer det vanskeleg for dei å møte kvarandre. Gerner sin sjalusi mot fortida til Lucie er ei drivkraft gjennom romanen. Korleis livskrafta hennar vert undertrykt er eit anna motiv. Etter ein krangel rømmer ho frå heimen, og vert overfallen og valdteken ute i byen. Då ho seinare i barselseng føder eit barn som har den same føflekken som valdtektsmannen, vert ho hysterisk og døyr fire døgn seinare. Romanen er ei tematisering av klasseskilje, og av seksualmoraldebatten i samtida hennar, som mellom anna var komen til uttrykk i romanen Albertine av Christian Krohg to år tidlegare.