Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet er ein frivillig organisasjon som er sjølvstendig, men har band til Den norske kyrkja. Organisasjonen har som mål å vere ein kyrkjeleg, kulturell og sosial møtestad for alle nordmenn i utlandet.
Organisasjonen vart grunnlagd i Bergen 31. august 1864 under namnet «Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne», sidan kjend som «Sjømannsmisjonen».
Ved sida av alminnelege gudstenester og kyrkjelege handlingar har organisasjonen lagt vekt på skipsbesøk, husbesøk og sjukebesøk. På 1970-talet utvida Sjømannsmisjonen på oppfordring av biskopane i Den norske kyrkja til å målgruppa til å omfatte alle nordmenn som oppheldt seg i utlandet. Ti år seinare vart dette følgd opp av Kyrkjemøtet, og i 1994 av Stortinget. Frå 1989 utvida organisasjonen namnet til også å omfatte «Norsk kirke i utlandet».
I 1999 byrja Sjømannsmisjonen å drive kyrkje på internett, nettkirken.no, med eigne nettprestar.
I 2003 bytta organisasjonen namn frå Den norske Sjømannsmisjon/Norsk kirke i utlandet til Sjømannskirken - Norsk kirke i utlandet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad nettkirken.no
Kategori:Den norske kyrkja Kategori:Norske kyrkjer i utlandet Kategori:Skipingar i 1864