Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er eit norsk statleg museum skipa i 2003 ved ei samanslåing av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet. Det blei bygd eit nytt bygg til museet på Vestbanen i Oslo som opna 11. juni 2022.
Nasjonalgalleriet mini|venstre|Nasjonalgalleriet frå 1882. Arkitekt: Adolf Schirmer og Heinrich Ernst Schirmer Nasjonalgalleriet vart etablert i 1842 som Den norske stats sentralmuseum for billedkunst. Sidan 1882 har museet vorelokalisert i Universitetsgata, Oslo, i eit bygg teikna av Heinrich Ernst og Adolf Schirmer.
Kunsthistorikaren Jens Thiis var direktør ved Nasjonalgalleriet mellom 1908–1941. Thiis var internasjonalt orientert og fekk kjøpt inn ei rad sentrale verk til museumssamlinga. Museet fekk i denne perioden også store gåver av Olaf Schou (1909), Chr. Paus (1918) og Chr. Langaard (1922).
Museet har ei særleg god samling av målarkunst frå den norske nasjonalromantikken, og av bilete måla av Edvard Munch.
I 1990 vart samlinga av måleri frå etter 1945 overførte til det nyetablerte Museet for samtidskunst.
Nasjonalgalleriet har i dag berre seks til sju prosent av kunsten stilt ut offentleg.Nasjonalgalleriet: Protestene preller av , Morgenbladet 27. mars 2009 Lanseringa av ein ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vakte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.Dag Solhjell Nye grep i Nasjonalgalleriet kunstkritikk.no, 7.3.2005 Det mest omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.nasjonalmuseet.no Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950 Den nye basissamlinga har vore omtala som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»Lotte Sandberg. «En litt anstrengt dans». Aftenposten, 29.4.2011
Museet for samtidskunst mini|venstre|Museet for samtidskunst held til i den tidlegare Noregs Bank-bygningen på Bankplassen i Oslo. Museet for samtidskunst blei stifta i 1988 og tok over verk frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Museet ligg på Bankplassen 4 i Oslo i lokalar som tidlegare husa Noregs Bank.Museet for samtidskunst Det opna for publikum i 1990. Bygninga er frå 1907 og er teikna av Ingvar Hjorth.
Museet har skiftande utstillingar og tre faste installasjonar i dei m² store lokalane. Samlinga inneheld rundt norske og utenlandske verk frå perioden etter 1945.
Nasjonalmuseet - Arkitektur mini|høgre|Arkitekturmuseet med paviljongen teikna av Sverre Fehn Arkitekturmuseet blei stifta av Norske Arkitekters Landsforbund i 1975 og frå 1. juli 2003 blei stiftinga ein del av Nasjonalmuseet. Om Nasjonalmuseet – Arkitektur Arkitekturmuseets visingsstad i Kongens gate 4 var i bruk fram til mars 2005.
Nasjonalmuseet åpna i 2008 ein ny visingsstad for arkitektur, kalla Nasjonalmuseet - Arkitektur, på Bankplassen 3 i Oslo.Nasjonalmuseet – Arkitektur Museet held til i tre bygningar som er bygd samman. Hovudbygninga - den eldste delen - er Norgegs Banks Christianiaavdeling som ble teikna av Christian H. Grosch og stod ferdig i 1830. På skrå bak ligg Sverre Fehns tilbygg frå 2002 - Ulltveit-Moe paviljongen -og i tillegg kjem magasinbygninga frå 1911 teikna av Henry Bucher.
Nasjonalmuseet - Arkitektur har skiftande utstillingar frå samlinga som mellom anna inneheld modellar, teikningar og fotografi.
Kunstindustrimuseet thumb|Kunstindustrimuseet Kunstindustrimuseet ligg i St. Olavsgate 1. I 1897 hadde det vore lyst ut ein arkitektkonkurranse og mellom dei 14 forslaga blei den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve kåra som vinnar. På grunn av sin låge alder, fekk han hjelp hos den meir erfarne Ingvar Hjorth.Mathide Sprovin: Fredning av kunstindustrimusset og Statens håndverk- og kunstindustriskole, Fortidsvern 2/2010, side 24-25
Sjølve museet blei til på initiativ frå professor Lorentz Dietrichson og antikvar Nicolay Nicolaysen i 1876, og museet vart grunnlagd av kommunen allereie same år.
Riksutstillingar Riksgalleriet vart oppretta i 1953 som ein statleg etat for å sende vandreutstillingar av norsk og nordisk kunst ut til alle landsdelane. Etaten sende ut 142 utstillingar i dei 34 åra han eksisterte. Etaten bygde opp eigne samlingar, og lånte også inn verk til sine utstillingar.
Da Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988, inngjekk Riksgalleriet som ein del av museet, frå 1992 med namnet Riksutstillinger.
Direktørar Den fyrste direktøren for Nasjonalmuseet var svenske Sune Nordgren (fram til august 2006). 1. august 2007 overtok Allis Helleland i denne stilinga, og Audun Eckhoff sat frå 2009 til 2017. Frå 2017 til 2023 var Karin Hindsbo direktør. Frå mai 2023 blir museet leia av Ingrid Røynesdal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design» frå , den 6. juli 2008/25. og 26. oktober 2012
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norsk kunst Kategori:Museum i Oslo Kategori:Skipingar i 2003 Kategori:Nasjonalmuseum i Noreg