Hugo Award, Hugoprisen, er ein årleg pris for beste arbeid innan fabelprosa. Den er rekna for ein av dei viktigaste prisane innan sjangeren, på linje med Nebulaprisen. Prisen er oppkalla etter Hugo Gernsback, grunnleggaren av science fiction magasinet Amazing Stories.
Hugoprisen vart starta opp i 1939 og har blitt utdelt årleg sidan 1955. Ifrå midten av nittitalet vart det mogleg å dele ut ein pris retroaktivt, til eit år ein ikkje hadde erklært nokon vinnar eller arrangert nokon konkurranse. Kategoriane for prisutdeling varierte i dei første åra, før dei stabiliserte talet kategoriar rundt 1960. I dag er det 14 kategoriar som ein kan nominere til.
Nominasjonar til prisane og avstemming vert gjort av deltakarar på World Science Fiction Convention, noko som gjer den styrt av lesarane. Igjennom 90 talet var det vanleg med mellom 450 og 950 deltakarar på avstemminga.
Best Novel (Beste roman) Denne kategorien inneheld verk med ein lengde på 40 000 ord eller meir.
2010-åra År Forfattar Originaltittel Merknad 2012 Jo Walton Among Others 2011 Connie Willis Blackout/All Clear 2010 China Miéville The City & The City Paolo Bacigalupi The Windup Girl 2000er År Forfattar Originaltittel Merknad 2009 Neil Gaiman The Graveyard Book 2008 Michael Chabon The Yiddish Policemen's Union 2007 Vernor Vinge Rainbows End 2006 Robert Charles Wilson Spin 2005 Susanna Clarke Jonathan Strange & Mr Norrell 2004 Lois McMaster Bujold Paladin of Souls 2003 Robert J. Sawyer Hominids 2002 Neil Gaiman American Gods 2001 Joanne K. Rowling Harry Potter and the Goblet of Fire 2000 Vernor Vinge A Deepness in the Sky 1990 År Forfattar Originaltittel Merknad 1999 Connie Willis To Say Nothing of the Dog 1998 Joe Haldeman Forever Peace 1997 Kim Stanley Robinson Blue Mars 1996 Neal Stephenson The Diamond Age 1995 Lois McMaster Bujold Mirror Dance 1994 Kim Stanley Robinson Green Mars 1993 Connie Willis Doomsday Book Vernor Vinge A Fire Upon the Deep 1992 Lois McMaster Bujold Barrayar 1991 Lois McMaster Bujold The Vor Game 1990 Dan Simmons Hyperion 1980 År Forfattar Originaltittel Merknad 1989 C. J. Cherryh Cyteen 1988 David Brin The Uplift War 1987 Orson Scott Card Speaker for the Dead 1986 Orson Scott Card Ender's Game 1985 William Gibson Neuromancer 1984 David Brin Startide Rising 1983 Isaac Asimov Foundation's Edge 1982 C. J. Cherryh Downbelow Station 1981 Joan D. Vinge The Snow Queen 1980 Arthur C. Clarke The Fountains of Paradise 1970 År Forfattar Originaltittel Merknad 1979 Vonda N. McIntyre Dreamsnake 1978 Frederik Pohl Gateway 1977 Kate Wilhelm Where Late the Sweet Birds Sang 1976 Joe Haldeman The Forever War 1975 Ursula K. Le Guin The Dispossessed 1974 Arthur C. Clarke Rendezvous with Rama 1973 Isaac Asimov The Gods Themselves 1972 Philip José Farmer To Your Scattered Bodies Go 1971 Larry Niven Ringworld 1970 Ursula K. Le Guin The Left Hand of Darkness 1960 År Forfattar Originaltittel Merknad 1969 John Brunner Stand on Zanzibar 1968 Roger Zelazny Lord of Light 1967 Robert A. Heinlein The Moon Is a Harsh Mistress 1966 Frank Herbert Dune Unentschieden Roger Zelazny "…And Call Me Conrad"også: This Immortal 1965 Fritz Leiber The Wanderer 1964 Clifford D. Simak "Here Gather the Stars"også Way Station 1963 Philip K. Dick The Man in the High Castle 1962 Robert A. Heinlein Stranger in a Strange Land 1961 Walter M. Miller, Jr. A Canticle for Leibowitz 1960 Robert A. Heinlein Starship Troopers 1950 År Forfattar Originalen sin tittel Merknad 1959 James Blish A Case of Conscience 1958 Fritz Leiber The Big Time 1957 – ikkje utdelt dette året– 1956 Robert A. Heinlein Double Star 1955 Mark Clifton& Frank Riley They'd Rather Be Rightogså: The Forever Machine 1954 Ray Bradbury Fahrenheit 451 Retropris delt ut i 2004 1953 Alfred Bester The Demolished Man 1951 Robert A. Heinlein Farmer in the Sky Retropris delt ut i 2001 1940 År Forfattar Originaltittel Merknad 1946 Isaac Asimov The Mule Retropris delt ut i 1996
Andre prisar
Nebulaprisen er rekna for den andre store prisen innan science fiction. Den er stemt fram av amerikanske forfattarar som har skrive fabelprosa.
Locus-prisen vert stemt fram av lesarane til Locus Magazine. Dette har gjeve denne prisen ei større stemmemasse enn Hugo prisen.
Seiun-prisen er ein japansk pris, som er vert stemt fram av deltakarane på den japanske nasjonale science fiction-festivalen. Seiun er japansk for stjernetåke, eller nebula.
Kurd Laßwitz-prisen (Kurd-Laßwitz-Preis)er ein tysk pris, etter modell av Nebulaprisen.
Worldcon som delar ut Hugo prisen, delar og ut John W. Campbell-prisen for beste nye forfattar. I tida 1974 til 1980 gav festivalen og ut Gandalfprisen for Stormeister innan fantasy, og i tida 1978 til 1979 for beste fantasibok.
John W. Campbell Memorial Award for Best Science Fiction Novel vert delt ut av ein jury. Denne prisen er ikkje knytt opp imot Worldcon i det heile teke.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Nettstaden til Hugoprisane Nettstaden til WorldCon
Kategori:Science fiction Kategori:Litteraturprisar Kategori:Skipingar i 1939