Den rumenske revolusjonen i 1989 vart gjennomført i desember 1989. Det byrja med ein demonstrasjon i Timişoara i protest mot regimet sitt forsøk på kneble den fritalande pastoren László Tőkés som høyrte til den ungarske minoriteten i landet.
Demonstrantane vart skoten på og over 70 sivile mista livet. Uroa spreidde seg til andre byar, mellom anna Bucureşti, der Nicolae Ceauşescu vart bua ut under eit massemøte han sjølv kalla inn til 21. desember 1989 utanfor bygget til Sentralkomiteen.
22. desember 1989 storma demonstrantar under eit nytt massemøte bygget til Sentralkomiteen og Ceausescu og kona hans måtte rømme i helikopter. Same dag grunnla Nasjonalistisk frigjeringsfront ei ny provisorisk regjering. Ion Iliescu vart president og Petre Roman vart statsminister.
Ceausescu og kona hans vart teke til fange og avretta føre kamera etter ei skinnrettsak 1. juledag i 1989. I dagane etter heldt det fram kampar mellom det hemmelege politiet Securitate i nokre dagar i Bucureşti. Over tusen menneske mista livet i kampane, i tillegg til dei 70 i Timişoara.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rumänska revolutionen 1989» frå , den 8. juli 2008.
Bakgrunnsstoff Video av Nicolae Ceausescu sin siste tale Anonym biletsoge frå den rumenske revolusjonen TV-sendingar frå 22. og 23. desember 1989 Video frå den rumenske revolusjonen
Kategori:Konfliktar i 1989 Kategori:Tyrannmord Kategori:Rumensk historie Kategori:Revolusjonar på 1900-talet Kategori:Den kalde krigen