Galați er ein by aust i Romania (Moldavia), og hovudstaden i Galați fylke ved breidda av Donau. Han har om lag 220 000 innbyggjarar og er den sjuande største byen i landet. Han ligg nær byen Brăila, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.
Namn Namnet på byen kjem truleg frå kumansk galat, som er eit låneord frå det arabiske qal'at, som tyder «festning». Andre teoriar er at namnet kjem frå det serbiske ordet galac. Det keltiske ordet Galatia (Gallia) er eit anna, men lite truleg, opphav.
Historie mini|venstre|Galați i 1826
Byen vart først nemnd i 1445. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1789 vart Galaţi sett i brann av russiske styrkar leia av Mikhail Kamenskij.
I 1907 fann eit bondeopprør stad i og rundt byen, men det vart slått ned av den rumenske hæren.
Busetnader mini|Kommunen Galați innanfor Galați fylke
Galați er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Folketal 2011 Folketal 2021 Galați 249 432 217 851
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Galați» frå , den 9. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar ved Donau Kategori:Galați fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Galați fylke