Newham er ein bydel i det austlege London. Han blei oppretta i 1965 ved at krinsane East Ham og West blei slått saman. Green Street markerer grensa mellom dei to delane. North Woolwich blei også ein del av distriktet; dette området blei flytta over frå Woolwich. Distriktet blir leia av ein direktevalt borgarmeister, men er også underlagt Stor-London.
mini|venstre|Rådhuset i East Ham
Newham grensar mot bydelane Barking and Dagenham i aust, Greenwich i sør, Hackney og Tower Hamlets i vest og Redbridge i nord. Tre av grensene blir markert av elvar: Roding (aust), Themsen (sør) og Lee (vest).
Bydelen høyrer til det ytre London, ettersom det ikkje låg i det gamle grevskapet London. Samstundes slit den med dei same problema som bydelane i indre London, utan å få dei økonomiske overføringane som desse bydelane får. Bydelsrådet arbeider derfor for å få omdefinert grensa slik at Newham blir rekna med i indre London, eller i det minste at det blir gitt same støtteordningar.
Etter konstruksjonen av Docklands Light Railway (DLR) og utvidinga av Jubilee-linja har kollektivtilbodet i Newham blitt svært mykje betre enn det var tidlegare. Channel Tunnel Rail Link skal få stoppestad i Stratford, og Crossrail er meint å skulle tene området.
London City Airport ligg i Newham.
Newham var ein av fem bydelar som var vertskap for Sommar-OL 2012.
Stader i Newham
Beckton Canning Town, Custom House East Ham Forest Gate Little Ilford Manor Park North Woolwich Plaistow Silvertown, Stratford Upton Park West Ham
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bydelar i London