Deva er ein by i Transilvania, på venstresida av elva Mureș i Romania. Han er fylkeshovudstad i Hunedoara fylke og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Historie I antikken låg det ein dakisk festning her kalla Decidava. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1269. Under voivodee Johan Hunyadi vart Deva eit viktig militært og administrativt senter. Han vart delvis øydelagd av osmanarane i 1550 og vart så bygd opp att med forsterka festningsverk. I 1621 omforma og utbygde fyrst Gabriel Bethlen Magna Curia-palasset i renessansestil.

Busetnader mini|Kommunen Deva innanfor Hunedoara fylke Deva er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Deva 58 860 50 753 597 491 113 108 261 177 1 292 1 584

Storbyområde Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Deva, bykommunane Hunedoara (municipiu), Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Deva i Romania» frå , den 11. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hunedoara fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Hunedoara fylke