Kapp Dezhnjov (russisk мыс Дежнёва eller mys Dezjnjova) er eit nes som dannar det austlegaste punktet i Asia, på Tsjuktsjarhalvøya i Beringsundet i Tsjukotka autonome okrug i Russland. Det ligg 82 km frå Cape Prince of Wales, det vestlegaste punktet i Alaska. Mellom desse ligg Diomedesøyane og Fairway Rock. Neset er kalla opp etter den russiske sjømannen Semjon Dezhnjov (1605-1672), som oppdaga det i 1648.
Avstanden til Kapp Baba heilt vest i Vesleasia i Tyrkia er 10 050 km, som er den lengste rette linja ein kan dra gjennom Asia.
Kjelder
Kategori:Nes i Russland Kategori:Tsjukotka