mini|Plasseringa til Frans Josefs land Algerøya (russisk Остров Алджер, Ostrov Aldzjer) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Ho er 10 km lang og 4,7 km på det breiaste. Det høgaste punktet i 429 meter over havet. Øya er stort sett utan isbrear og har berre ein relativt liten isbre lengst nord.

Algerøya ligg nord for McClintockøya og mellom dei går eit 2 km breitt sund.

Vinteren 1901 overvintra den mislukka amerikanske Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen på Algerøya. Dei kalla øya opp etter den amerikanske forfattaren Horatio Alger, som var ein viktig person i amerikansk kultur og samfunnsliv på denne tida.

Utanfor sørvestkysten av Algerøya ligg Ostrov Matildy (Остров Матильди) eller Matildeøya, ei lita øy som berre er om lag 1 km lang.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alger Island, Russia» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen & &

Kategori:Øyar i Frans Josefs land Kategori:Stader kalla opp etter USA-amerikanarar