Asker kommune er ein kommune i Akershus fylke, skipa med verknad frå 1. januar 2020 ved at kommunen Asker i tidlegare Akershus fylke vart slegen saman med dei to kommunane Røyken og Hurum i tidlegare Buskerud fylke.Internettside om nye Asker kommune

Namn og symbol Namnet «Asker», som opphavleg kjem av treslaget ask, har kommunen etter dei tidlegare gardane med namnet Asker i det som har vorte administrasjonsstaden i kommunen. Området ved Askergardane har truleg vore eit bygdesenter frå gamalt av, slik det syner seg av både dei mange gravhaugane i området, og av at ei steinkyrkje frå mellomalderen stod her fram til ho vart riven etter ein brann 3. mars 1878 og erstatta av den noverande Asker kyrkje på same staden, innvigd 17. oktober 1879. Bygda med eige ting rundt år 1000 heitte Skogheimsherad. Opp gjennom tidene endre namnet seg til Skauom og så til Skaugum.

Ettersom asketreet var viktig i norrøn mytologi og kult, som i verdstreet Yggdrasil og den fyrste mannen skapt av eit asketre, er det grunn til å rekne med at namnet «Asker» ikkje berre har med asketreet som botanisk fenomen å gjere, men òg viser til asketreet som eit førkristent mytologisk og kultisk fenomen. På same vis er det mykje som taler for at nemninga «ask» som basis for namnet på det tidlegare Askers härad i Sverige har grunnlaget i det mytologiske og kultiske aspektet ved asketreet. I ein slik samanheng har det sjølvsagt sitt å seie at ask er av dei trea som trivst godt på staden.

Folk frå den tidlegare Asker kommune vert kalla «askerbøringar»; folk frå Røyken vert kalla «røykenbøringar», og dei frå Hurum vert kalla «huringar» eller «høringar». Sjølv om kommunane Hurum, Røyken og Asker vart slegne saman til nye Asker kommune i 2020, kan dei tidlegare kommunenamna Røyken og Hurum framleis nyttast som geografiske namn, og nemninga på folk frå desse distrikta kan likeeins nyttast som før. Namnet Asker kommune er berre nemninga på den geografisk avgrensa administrative eininga. Difor er det rett å nytte namna Hurum og Røyken på dei geografiske områda som desse namna refererer til frå før av. Det same gjeld for den opphavlege Asker kommune, men her oppstår det eit problem ved at Asker òg er namnet på heile den noverande kommunen. Difor vert det ofte nytta namn som Gamle Asker eller Askerbygda for det distriktet som den opphavlege Asker kommune femna om.

Kommunevåpen mini|venstre|portrett|Kommunevåpenet til Asker kommune fram til 2020.

Kommunevåpenet for den opphavlege Asker kommune er frå 1964, og syner tre stiliserte «askekallar», som er den lokale nemninga for gamle styv-askar, slike asketre som i årevis har vorte hausta for lauv og greiner til dyrefôr. Vegen framfor Asker kyrkje mot Jansløkka skule er kanta av ein om lag to hundre år gamal allé av meir eller mindre livskraftige askekallar, nokre av dei eldste trea i kommunen.

Kommunevåpenet for dagens Asker kommune er frå kommunesamanslåinga i 2020 og viser tre segl, eit for kvar av dei tre kommunane som no har vorte til ein kommune. Det vart utforma av Kirsten I. Greiner, og vann ei tevling om nytt kommunevåpen i ei nettavstemning og i ei felles nemnd for kommunesamanslåinga.

Geografi

mini|Frå Hyggen i Røyken mini|Tettstaden Tofte i Hurum mini|Tettstaden Verket attmed Drammensfjorden i Hurum Dei tre tidegare kommunane som til saman utgjer dagens Asker kommune ligg på rad i nord-sørretninga, med den gamle Asker kommune i nord, den tidlegare Røyken kommmune i midten, og den tidlegare Hurum kommune i sør. Røyken og Hurum ligg på Hurumlandet, som er ei halvøy mellom Oslofjorden i aust og Drammensfjorden, ei grein av Oslofjorden, i vest. Røyken høyrer såleis til på den nordre parten av denne halvøya, Hurum på den søre parten. Landarealet er til saman på 364,72 km² og arealet med vatn er på til saman 11,9 km².

Gamle Asker kommune, som ligg på vestsida av Indre Oslofjord, grensa til kommunane Bærum, Røyken og Lier, og femna om eit areal på totalt 101 kvadratkilometer. Av dette var landarealet på 97 kvadratkilometer. Størsteparten er skogkledd og kupert. Byrjinga på eit skogsområde, Vestmarka, som strekker seg som eit slags kupert platå i 300–400 meters høgd vest- og sørvestover til Holsfjorden (Tyrifjorden) og Sylling i Buskerud, markerast som ein steil kant av mellom anna åsane Bergsåsen (Hagahogget) på 459 meter, den høgste åsen i kommunen, og av landemerket Skaugumsåsen, som er 351 meter høg. Den like markante Vardåsen sør i kommunen er 349 meter høg. Busettinga er i hovudsak konsentrert til den mindre brattlendte og kuperte austlege luten av kommunen, frå fjorden og opp mot 100–200 meter over havet. Både geologisk og botanisk har landskapet i Asker kommune mykje å by på, og difor er ei mengd større og mindre lokalitetar og areal freda på ulike vis for å take vare på slike verdiar. Det er oppretta eit naturreservat for å verne om edellauvskog på Skaugumsåsen med bratthenget på søraust- og sørvestsida, Semsvannet og areala kring det, og sentrale partar av Bergsåsen.

Den tidlegare Røyken kommune vart skipa i 1837. Bortsett frå ei grenseendring i 1996, då eit område med 70 bufaste personar vart innlemma i dåverande Asker kommune, har grensen vore uendra. Terrenget er kupert og skogkledd, men med store areal med jordbruksland, hovudsakeleg for korndyrking, hagebruk (grønsaks- og bærdyrking) og litt husdyrhald.

Den tidlegare Hurum kommune skriv seg likeeins frå 1837, og har hatt uendra grenser fram til kommunesamanslåinga i 2020. Distriktet er prega av åsar med små dalar mellom, hovudsakleg i nord-sørretninga. Landet går etter måten bratt opp fra sjøen, med nesten tre firepartar av arealet mellom 150 og 300 meter over havet. Den høgste åsen er på 361 meter over havet. Berggrunnen er for det meste permiske magmabergarter, drammensgranitt, og vert rekna til Oslofeltet. Ei stripe grunnfjellsgneis går langs Oslofjorden i aust, og kambrosilur finst i ei stripe langs kysten i sørvest. Tvers over Hurumlandet ligg det restar av ein stor endemorene frå den siste istida som gjer at Drammensfjorden er sæsrs smal ved tettstadene Svelvik og Verket. Morenen markerer seg dessutan i Oslofjorden ved Storsand i Hurum, ein tettstad som ligg tvers overfor Drøbak på austsida av fjorden. Jordbruksområda i Hurum ligg for det meste utanfor morena, eit stykke innafor kysten i sørvest. På grunn av geologien og den særeigne floraen er Tofteholmen, Ranvikholmen og øya Mølen (i Oslofjorden) vorte freda. På Mølen veks kraftig lindeskog og den heilårsfreda snylteplanten misteltein.

mini|Skaugumsåsen i Askerbygda. Sem Gjestegård (den nedlagde Norges landbrukshøgskole, avd. Asker, tidlegare Statens småbruks-lærerskole) er å sjå framfor åsen. mini|Semsvannet i nærleiken av Skaugumsåsen. mini|Staden Holmen i framgrunnen, Hvalstad ovanfor og Skaugumsåsen i bakgrunnen, sett frå Holmenfjorden i Indre Oslofjord. mini|Utsyn frå Skaugumsåsen over ein lut av Asker kommune og av landet elles kring Indre Oslofjord. I framgrunnen ligg Hvalstad, nede ved fjorden ligg Holmen, og til venstre for Holmen kan ein mellom anna sjå Landøya, Nesbru og Slependen, og øyane Nesøya, Brønnøya, Langåra og fleire av småøyane i Asker kommune. Den langstrekte åsen som stig opp av sjøen i bakgrunnen, er Nesodden. mini|Asker rådhus mini|Asker kulturhus mini|Restauranten på Hvalstrand bad er eit av dei mest karakteristiske døma på funksjonalistisk arkitektur i Noreg. mini|Ein restaurert og freda kalk-omn på Brønnøya. mini|Filtvet fyrstasjon (freda)

Busetnad Asker kommune er den åttande største kommunen i Noreg, rekna etter folketalet, som var 94 441 i byrjinga av 2020. Busetninga er tettast i det gamle Asker (Askerbygda), og er elles konsentrert om dei lågtliggjande kystområda, og langsetter hovudvegane og jarnbanelina Drammensbanen med Spikkestadbanen. Etter at Liertunnellen og Askerbanen vart bygd, fungerer Drammensbanen mellom Lysaker og Asker stasjon, med Spikkestadbanen frå Asker stasjon til Spikkestad stasjon, som lokalbane i kommunen, med haldeplassane Billingstad, Hvalstad, Vakås, Høn, Asker, Bondivatn, Gullhella og Heggedal i den opphavlege Asker kommune, og Hallenskog, Røyken, Åsåker og Spikkestad i den tidlegare Røyken kommune

Langsetter kysten i Røyken og Hurum ligg busetnadkonsentrasjonane Røyken tettstad med Midtbygda (i innlandet), Slemmestad, Nærsnes med Båtstø, Åros, Sætre, Tofte (attmed Oslofjorden), Holmsbu og Hyggen (attmed Drammensfjorden) og Klokkarstua. Asker sentrum og dei andre tettbygde områda i kommunen vestover frå Oslo, høyrar saman med dei tettbygde områda i grannekommunen Bærum, til det området som vert kalla Oslo tettstad.

Ein reknar med at det er 4000 år sidan bygdene kring Oslofjorden vart busette av folk som dyrka jorda og held seg med husdyr, og soleis tok til å forme landet ved skogrydding, oppdyrking og ved å ha dyr på beite. Dei minna om fast busetnad i forhistorisk tid som er lettast å leggje merke til, er gravrøyser og gravhaugar, som det framleis er nokre att av i kommunen. Den største gravrøysa, tjue meter i tverrmål, ligg på Århustoppen på den gamle garden Gui aust for Gjellumvatnet i Heggedal. Røysa er ikkje nærare granska, men skriv seg etter alt å døme frå bronsealderen. Ein «oldtidsveg», eit særs gamalt vegfar, går frå Oslofjorden ved Vollen og opp forbi denne og to andre gravrøyser, fire steinleggingar, og vidare innover og gjennom aust-vestdalføret som ligg sør for Vardåsen, Askerbørskogen, der det er fleire særs gamle buplassar. På Vinnulstad på Askerbørskogen er det tolv gravrøyser.

Namnet «Gui» har opphav i «Guđvin», som ein meiner vise til ein heidensk kultplass. Det er ikkje utenkjeleg at Gui står for kultplasskontinuitet frå bronsealderen og fram gjennom heile den heidne tida, sjølv om trua, den kultisk framgangsmåten og samfunnstilhøva kan ha endra seg i denne lange tidsbolken. Det var meininga at røysa på Århustoppen skulle vere godt synleg, for ho vart lagt der terrenget tek til å helle frå Guiplatået og ned mot sjøen, og har ikkje vore skjult av skog som no. Dessutan har røysa vore høgare, for stein frå toppen er frakta vekk i nyare tid for å nyttast som vegfyll. Både storleiken på røysa, den framheva plasseringa i terrenget, og at røysa ligg attmed det som har vore ein viktig veg for eit større distrikt i si tid, er karakteristiske drag ved dei gravrøysene frå bronsealder som ein reknar med markerte makt og rettar over eit område, og makt over ferdslevegar i området òg, kan hende. På andre stader i distriktet ligg det likeeins gravrøyser på høgder der viktige vegar truleg har passert i oldtida, som til dømes på Brakstadåsen og på Røverkulåsen i grannekommunane Lier og Bærum.

Ved Asker kyrkje ligg fleire gravhaugar, som ein reknar med skriv seg frå jarnalderen. To gravhaugar ligg òg på Hval ved Hvalstrand bad.

Næringsverksemd Storparten av innbuarane i Asker har inntektene sine frå tenesteytande verksemd som til dømes forsking og undervisning, konsulentverksemd, handel og anna tenesteyting, anten i verksemder i kommunen eller andre stader i Oslo-området. 37 % er sysselsette innan offentleg eller privat tenesteyting, og 20 % innan varehandel, hotell- og restaurantdrift. Fleire handels- og teknologiverksemder, til dømes med elektronikk, petroleumsutvinning og data som spesialitetar, er lokalisert til strekninga Slependen – Billingstadsletta – Nesbru – Vakås, og i området kring Asker sentrum. Fleire store butikkar og varehus ligg i same området. Varehandelen i kommunen er i stor grad konsentrert til kjøpesentera og varehus, med IKEA på Slependen nordaust i kommunen som truleg det mest kjende i sin bransje.