Te Matua Ngahere er eit stort kauritre i Waipoua Forest i regionen Northland på New Zealand.
Maorinamnet tyder 'Far til skogen'. Sjølv om treet ikkje er så stort og høgt som naboen, Tāne Mahuta, er Te Matua Ngahere mykje kraftigare, med ein omkrins på stammen på meir enn 16 meter. Ein har ingen sikre tal på kor gammalt treet er, men det er estimert til å vera omkring 2000 år. Treet er ein rest av den gamle subtropiske regnskogen som ein gong voks på halvøya North Auckland Peninsula
mini|portrett|venstre|Stammen til Te Matua Ngahere samanlikna med ein person. mini|portrett|venstre|Toppen til Te Matua Ngahere etter uvêret i 2007.
Treet har følgjande mål:Dept. of Conservation document (frå Miløverndepartementet.) Omkrins til stammen 16,41 mHøgda til stammen 10,21 mTotal høgde (før skade) 29,9 mVolumet til stammen 208,1 m³ Dette storslagne eksemplaret i den nasjonale floraen fekk store skader i toppen i juli 2007, under ekstreme vinterstormar i Northland. Storm takes heart of forest king , New Zealand Herald, 13. juli 2007
Sjå òg Agathis australis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Te Matua Ngahere» frå , den 27. juli 2008.
Kategori:Kaipara Kategori:Planteliv på New Zealand Kategori:Kjende tre